Skriftlig spørsmål fra Leif Audun Sande (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1435 (2018-2019)
Innlevert: 10.04.2019
Sendt: 11.04.2019
Besvart: 30.04.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Leif Audun Sande (A)

Spørsmål

Leif Audun Sande (A): Hvilke kriterier er lagt til grunn når Kystverket valgte Rambøl og Rambøl valgte Semar, til å vurdere om det var komt til ny teknologi som kunne tilsi heving av U-864?

Begrunnelse

Det har blitt reist kritikk for Kystverkets tildeling av oppdrag med å vurdere nye muligheter for å heve U-864. Kystverket tildeler kontrakten til selskapet Rambøl som igjen velger Semar. I Subseamiljøet blir begge disse selskapene sett på som lite kompetente om heving. Det samme blir Kystverket.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Samferdselsdepartementet ga i januar 2019 Kystverket i oppdrag av å innhente ei ekstern vurdering av om det har kome ny informasjon eller teknologi som kunne gi ei endra miljørisikovurdering av heving av heile eller deler av lasta samanlikna med tildekking, sidan Kystverket si anbefaling frå 2014.
Alternativet med heving av last involverer hovudsakeleg maritime operasjonar ved bruk av fjernstyrt undervassfartøy for å fjerne kvikksølvbehaldarar frå kjølen til ubåtvraket. Norsk subsea-kompetanse vart sett som best egna til å vurdere i kva grad det er ny informasjon eller teknologi innanfor området.
Kystverket innhenta kompetanse til oppdraget ved å gjennomføre ei offentlig anskaffing i tråd med forskrift om offentlige anskaffelser. Konkurransedokumentasjon vart sendt til tre selskap som har erfaring med offshore tidlegfase-studiar, samt prosjektering av subsea-operasjonar.
Kystverket stilte krav til kompetanse innan offshore tidlegfase-studiar (moglegheitsstudiar), prosjektering av subseatenester, miljøkjemi og tiltak mot kvikksølvforureining i sjøbotn. Det var eit absolutt krav at personell skulle ha inngåande kunnskap innan dei nemnde disiplinane.
Kystverket fekk tilbod frå Rambøll Norge AS. I tillegg til eigen kompetanse hadde Rambøll Norge AS tatt med SeMar AS som underleverandør i tilbodet.
SeMar AS har omfattande erfaring frå marine operasjonar og subsea-operasjoner innanfor generell prosjektgjennomføring og koordinering. Vidare har SeMar AS teoretisk fagkompetanse innan fleire disiplinar som er relevant i denne saka. I tillegg har dei lang og praktisk maritim erfaring med gjennomføring av marine operasjonar. Koplinga mellom teoretisk og praktisk erfaring er vurdert som avgjerande i dette prosjektet.
Rambøll Norge AS og SeMar AS oppfylte kvalifikasjonskrava i den offentlege anskaffinga, og vart med bakgrunn i dette tildelt kontrakt for den uavhengige vurderinga.