Skriftlig spørsmål fra Sverre Myrli (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1016 (2018-2019)
Innlevert: 19.02.2019
Sendt: 19.02.2019
Besvart: 04.03.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Sverre Myrli (A)

Spørsmål

Sverre Myrli (A): Hvordan vil statsråden forhindre at bilistene må betale hundrevis av millioner ekstra i rentekostnader på lån til bompengefinansierte samferdselsutbygginger?

Begrunnelse

Med fem milliarder kroner i byggelån betaler et bompengeprosjekt omlag 50 millioner kroner i årlige renteutgifter med en rente på én prosent. Samferdselspakken for Oslo og Akershus har en effektiv rente på 3,74 prosent. En oversikt fra Vegdirektoratet viser imidlertid at flere bompengeprosjekter betaler opp mot 6 prosent renter på byggelånene sine. I år må bilistene betale 13 milliarder kroner i bompenger, ifølge ferske anslag fra Statens vegvesen. Det er halvannen milliard kroner mer enn anslaget for 2018.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Denne regjeringa løyver rekordmykje pengar til veg og byområde, og utbygginga av norske vegar har aldri vore meir omfattande. Samstundes sørger vi for godt vegvedlikehald slik at etterslepet går ned for første gong på fleire tiår. Vi bygger nytt og tar vare på det vi har.
Regjeringas innsats på samferdsel er viktig for å skape eit berekraftig velferdssamfunn med moderne infrastruktur av høg kvalitet og med effektive og sikre transportløysingar. Dette er grunnleggjande for gode velferdstenester og konkurransekraft for næringslivet. Vi er genuint opptekne av at det skal bli mindre bompengar for folk flest, sjølv om stortingsfleirtalet er av ei anna oppfatning.
Den mest effektive måten å redusere belastninga for bilistane på er å få ned omfanget av bompengar. Dei siste fem åra har vi lagt ned bomstasjonar, redusert takstar utanfor byområda ved auka statlege bidrag i prosjekt. Med den nye regjeringsplattforma vert innsatsen mot bompengar styrka. Frå 2017 har regjeringa årleg løyvd om lag 500 millionar kroner for å redusere bomtakstane (tilskot). Den nye regjeringsplattforma slår fast at dette skal doblast, til ein milliard kroner årleg. Den nye regjeringsplattforma slår også fast at vi vil innføre eit frådrag for bompengar.
Regjeringa ønsker sjølvsagt så låg rente som mogleg for å få mest mogleg veg for bilistanes pengar. Rentene på låna til dei ulike bompengeprosjekta varierer, og årsaka til dette er blant anna at lån er tatt opp på ulike tidspunkt, om det er fast eller flytande rente, om det er stilt fylkeskommunal og kommunale garantiar, eller om det er sett krav i bompengeproposisjonane.
Regjeringa har gjennomført fleire grep for å sikre meir pengar til veg og mindre til omkostningar. Bompengereforma skal leggje til rette for meir kostnadseffektiv og brukarvenleg bompengeinnkrevjing med færre bompengeselskap. Dette er eit viktig grep som også sikrar profesjonalitet blant anna innafor finansforvaltning. Regjeringa har også endra rutinane for korleis ein tar høgde for uvisse i finansieringsplanane. Målet har vore å sikre pårekneleg finansiering over ein lang tidshorisont på andre måtar enn ved krav om fastrente. For dei prosjekta som i 2017 har høgast lånerente (i snitt) ligg det ein føresetnad om fastrentelån i bompengproposisjonane. Desse er vedtatt lenge før denne regjeringa tiltredde.