Kjersti Toppe (Sp): Vil statsråden sikre openheit om alle innspel som kjem til rusreformutvalet?
Begrunnelse
Regjeringa har sett ned Rusreformutvalet som skal forberede gjennomføringa av regjeringas rusreform. Det skal utreie og føreslå ei modell for å oppnå føremålet med rusreformen. I mandatet står det at utvalet skal legge opp til ein open arbeidsform. På nettsida til Rusreformutvalet er det mogleg å sende innspel. Men det er ikkje mogleg å lese innspela som er komen inn. Media har bedt om innsyn i enkelte innspel, og slik er offentlegheita blitt kjent med innspel frå blant anna Statens helsetilsyn. Det er spørjarens syn at innspel må gjerast offentlege fordi dei er viktige i det offentlege ordskifte, og det synes ikkje som det er nokon grunn for å halde slike innspel unntatt offentlegheita.