Skriftlig spørsmål fra Sverre Myrli (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:891 (2018-2019)
Innlevert: 05.02.2019
Sendt: 05.02.2019
Besvart: 14.02.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Sverre Myrli (A)

Spørsmål

Sverre Myrli (A): I forbindelse med at regjeringen skrinla planene om stasjon på Ringeriksbanen ved Avtjerna/Sollihøgda uttalte daværende samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen: «Regjeringen åpner for at lokale myndigheter og kollektivselskap sammen med staten ser på muligheten for å bruke servicetunnelen til en fremtidig Ringeriksbane som trasé for høyteknologiske bussløsninger».
Hva er status i dette arbeidet og hva er statens rolle?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Ringeriksbana er ein del av InterCity-utbygginga på Austlandet, og skal bidra til å knytte bu- og arbeidsmarknadene tettare saman. Bygginga vil redusere reisetida med tog mellom Oslo og Hønefoss og stasjonar vidare mot Bergen med om lag ein time.
Det er riktig som representanten Myrli peiker på at dåverande statsråd Ketil Solvik-Olsen ga uttrykk for at ein kunne tenke utprøving av heilt nye teknologiske løysingar for persontransport dersom arealreserva ved Avtjerna blir teke i bruk. Dette var ein invitasjon til lokale styresmakter om å ikkje la seg begrense av dagens teknologi når ein legg framtidas arealplanar, samstundes som invitasjonen oppfordrar til kreativitet hos dei lokale kollektivtransportselskapa.
Sidan Jernbanetunnelen med tilhørande servicetunnel er Bane NOR sin eigedom, ser eg det som naturleg at Bane NOR er med i ein slik prosess basert på lokale initiativ, ikkje minst av omsynet til tryggleik og ivaretaking av jernbana sine interesser.
Jernbanedirektoratet har i eigenskap av si koordinerande rolle i sektoren, med overblikk over relevant teknologisk utvikling, også grunnlaget for å kunne gi gode bidrag dersom ein slik prosess blir initiert lokalt.