Tore Storehaug (KrF): Statsråden har i svar av 29.11.2018 på spørsmål frå representanten Geir Pollestad varsla at han vil kartlegge omfanget av returproviesjon og eventuelle endringar i lovverket. Statsråden tar i svaret sikte på å ha vurderinga klar våren 2019.
Kan statsråden gje ei løypemelding på prosessen og når ei slik vurdering kan ventast?
Begrunnelse
Det har vært eit aukande problem at turistbutikkar inngår samarbeid med guidar og reiseselskaper der butikkane betaler provesjon til aktørane for å ta turistane med til dei aktuelle butikkane. Dette er eit problem for dei aktørane som ikkje er villige til å betale ein slik provesjon og er til hinder for konkurransen mellom aktørane.