Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:832 (2018-2019) Innlevert: 29.01.2019 Sendt: 30.01.2019 Besvart: 06.02.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale
Sverre Myrli (A): Regjeringen opplyser at Nye Veier skal overta ansvaret for E6 Øyer-Otta. Ny veg Frya-Sjoa sto ferdig i 2016. Hva blir Nye Veiers ansvar for den ferdigbygde strekningen Frya-Sjoa?
Jon Georg Dale: Nye Veier AS blei oppretta 1. januar 2016 med eige styre og eiga finansiering over statsbudsjettet. I tillegg til den statlege finansieringa blir selskapet si utbyggingsverksemd finansiert med bompengar.Nye Veier AS har etter opprettinga hatt betydelege kostnadsreduksjonar på prosjekta sine. Når selskapet vart tildelt porteføljen blei det anslått at den ville ta 20 år å bygge ut. I det siste har selskapet antyda at dei kan bygge ut mesteparten av porteføljen på ei tidslinje ned mot 12 år.Erfaringa så langt er altså at selskapet får ned kostnader, opp samfunnsnytta og har høg framdrift.Samferdselsdepartementet har inngått avtale med selskapet som fastlegg dei overordna rammene for selskapet, medrekna omtale av porteføljen som skal byggjast ut av selskapet. Samferdselsdepartementet skal også inngå avtalar knytt til dei nye strekningane departementet foreslår blir lagt til selskapet. Selskapet skal innanfor ramma av formålet og finansieringa til selskapet sjølve prioritere oppgåvene sine. Selskapet skal informere Samferdselsdepartementet om prioriteringa.Samferdselsdepartementet offentleggjorde den 11. januar i år at Nye Veier AS blir tilbudd tre nye strekningar til sin portefølje. Strekninga E6 mellom Øyer og Otta er ei av desse. Dei nye strekningane som skal overførast til Nye Veier inngår på lik linje med dei eksisterande strekningane i den samla porteføljen til Nye Veier. Selskapet skal planlegge, bygge ut, drifte og vedlikehalde sine strekningar.. Nye Veier har ansvar for ein heilskapleg planlegging, utbygging og drift av samanhengande vegstrekningar. Etter kvart som utbyggingane på E6 mellom Kolomoen og Otta blir opna, vil det være naturleg at drift og vedlikehaldsansvaret for heile vegstrekninga blir samla. Dette vil også kunne inkludere driftsansvaret for den nyleg utbygde strekninga frå Frya til Sjoa.