Skriftlig spørsmål fra Kristian Torve (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:635 (2018-2019)
Innlevert: 19.12.2018
Sendt: 19.12.2018
Besvart: 04.01.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Kristian Torve (A)

Spørsmål

Kristian Torve (A): Vil statsråden ta initiativ til å flytte ståplasser fra klasse 2-busser over til klasse 1-busser, og ta initiativ til å utarbeide en forskrift til § 3 i veitrafikkloven som sikrer at sjåfører ikke kan klandres for ulykker med personskade som følge av at reisende benytter ståplass?

Begrunnelse

En bussjåfør kan i dag ikke nekte å ta på stående passasjerer med henvisning til kravet om aktsomhet i veitrafikkloven. Ved glatt vei eller andre trafikale utfordringer kan dermed sjåføren ikke henvise til aktsomhetskravet i vegtrafikklovens § 3.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Bussar er inndelte i ulike kategoriar med ulike tekniske krav, og for bruk av sitje- og ståplassar. Krava er dei same i heile EØS-området, og det er dermed ikkje aktuelt å gi eigne nasjonale krav innan disse kategoriane.
Buss klasse 1 er meint for hyppig av- og påstigning i byområde og har difor ikkje bruksplikt for setebelte. I Noreg har og klasse 1-bussar lågare fartsgrense enn dei andre bussklassane, av di dei er meint å nyttast hovudsakleg i tettbygd strok med låge fartsgrenser. Buss klasse 2 har sitjeplassar med setebelte som det er påbode å bruke, men har og ståplassar. Såkalla forstadsbussar er eit døme på ein klasse 2-buss. Klasse 3-bussar er typiske langrutebussar – utan ståplassar.
Dei ulike bussklassane er meint å nyttast i ulike områder og til ulik trafikk – og har difor og ulike krav til både bruk av ståplassar og bruk av setebelte. Omsynet til tilstrekkeleg kapasitet og fleksibilitet i kollektivtrafikken gjer det ofte naudsynt å nytte klasse 2-bussar.
Eg syner elles til at det er opp til fylkeskommunane, som kjøper av transporttenester frå busselskapa, å ta stilling til kva for bussar som skal brukast på dei ulike rutene. Fylkeskommunane kjenner sine eigne veger best og har difor best grunnlag for vurdere kva for bussar som passar den einskilde strekninga best. Eg legg til grunn at fylkeskommunane - i den grad det er mogleg - sikrar at riktig type buss nyttast til den einskilde transport, og at transportbehovet dekkjast på ein føremålstenleg og sikker måte.
Bussjåføren har som andre sjåførar eit eige ansvar for passasjerane, og må følgje aktsemdsplikta i vegtrafikklova § 3, uavhengig av om passasjerane sit eller står.
Sjåførar har óg ei særleg oppmoding om å skjerpe aktsemda si når køyretilhøva er vanskelege. Av vegtrafikklova § 6 følgjer det at:

«Fører av kjøretøy skal avpasse farten etter sted, føre-, sikt- og trafikkforholdene slik at det ikke kan oppstå fare eller voldes ulempe for andre, og slik at annen trafikk blir minst mulig hindret eller forstyrret. Føreren skal alltid ha fullt herredømme over kjøretøyet».
Eg ser ikkje grunnlag for å redusere aktsemdsplikta for bussjåførar.