Skriftlig spørsmål fra Ingjerd Thon Hagaseth (V) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:609 (2018-2019)
Innlevert: 15.12.2018
Sendt: 17.12.2018
Besvart: 21.12.2018 av klima- og miljøminister Ola Elvestuen

Ingjerd Thon Hagaseth (V)

Spørsmål

Ingjerd Thon Hagaseth (V): Vil Statsråden – i samband med revidert nasjonalbudsjett – ta initiativ til å avsette midlar til fylkeskommunane for å stimulere til oppstart av arbeidet med regionale planar for fjellområde med stort utbyggingspress, for slik å sikre berekraftig utvikling og ivaretaking av naturmangfald og friluftsområde?

Begrunnelse

Bakgrunn:
I 1970 var talet på fritidsbustader 190 000. I 2017 har talet ifylgje Statistisk sentralbyrå auka til 426 932. For mange utkantkommunar er hyttene den største og viktigaste næringa. For nokre av dei den einaste. Spørsmålet er likevel - korleis forvaltar vi fjellet på beste måte? Arealinngrep er den viktigaste årsaka til at naturmangfaldet blir redusert. Knapt 12 prosent av landet er villmarksprega, i Sør-Noreg er talet under 5 prosent. Vi veit dessutan at attraktiviteten til område med stor utbygging av fritidsbustader òg er avhengig av moglegheitene for god tilgang til natur og eit aktivt friluftsliv. Finst det ei grense for kor mange hytter vi kan byggje, og korleis skal vi utvikle fjellområda våre for komande generasjonar?
Kommunane sine arealplanar definerer kor ein kan bygge, og kor ein ikkje kan bygge i ein bestemt periode. Når planperioden er over, og planen skal reviderast, er det ikkje uvanleg at kommunane tek hol på nye, urørte naturområde. Det er heller ikkje uvanleg at det blir gjeve dispensasjon frå gjeldande plan i planperioden. I praksis ser ein at absolutte grenser i ein kommunal arealplan kan få kort levetid. Regionale planar for fjellgrenser set arealforvaltninga og planar for utbygging i ein større samanheng. Slike planar vil vere med å gje meir føreseielege rammer og vil i større grad sikre berekraftig verdiskaping og ivaretaking av viktige natur- og friluftslivsområde.
Initiativet til Regjeringa på dette området har høg verdi, og vi er frå natur- og friluftslivorganisasjonar, hytteorganisasjonar, grunneigarar og representantar frå reiselivet blitt kjent med behovet for å prioritere dette arbeidet høgt. Mange unike natur- og friluftslivsområde i fjellområda våre er under eit stort utbyggingspress og det er derfor behov for å sette ramme og i større grad styre utviklinga.
Regjeringa sin handlingsplan for friluftsliv og temaet «konsekvenser for miljø og samfunn av hyttebyggingen i fjellområdene» visar til behovet for å hente inn meir kunnskap om problemstillinga, før ein eventuelt tek stilling til ei statleg planretningslinje for delar av fjellområda. I handlingsplanen kjem det vidare fram at ein vurdere å gje pengar til fylkeskommunane, for å stimulere til regionale planar for fjellområde med stort utbyggingspress. Eit viktig tidspunkt for vurdering av regionale planar er knytt til oppstarten av den regionale planstrategien i fylkeskommunane i 2019-20.
Det er oppretta eit nettverk som nettopp samlar slik kunnskap og som arbeider for fjellgrensene i Valdres og i Øyer, Lillehammer og Ringsaker. Nettverket er sett saman av natur- og friluftslivorganisasjonar, hytteorganisasjonar, grunneigarar og reiselivsrepresentantar, og vil i eit slikt arbeid vere ein naturleg aktør som den nye fylkeskommunen i Innlandet kan spele på lag med.

Ola Elvestuen (V)

Svar

Ola Elvestuen: Regjeringen vil vurdere nærmere om det er behov for en sterkere statlig involvering når det gjelder forvaltning av fjellområdene. Jeg kan uansett ikke forskuttere hvilke disposisjoner regjeringen vil gjøre i revidert nasjonalbudsjett.
Jeg vil imidlertid understreke at regjeringen er opptatt av denne problemstillingen.
Det er viktig med en helhetlig forvaltning av fjellområdene, som sikrer at hensynet til friluftsliv, landskap og naturmangfold ivaretas. Eksempelvis bør det bevares større områder uten bebyggelse i fjellet, også i fjellområdene nær de store byene.
For å få en helhetlig forvalting av fjellområdene er det regionale perspektivet viktig. Det vil si at forvaltningen bør skje med utgangspunkt i hele fjellområdet, selv om fjellområdet er delt mellom flere kommuner.
Fylkeskommunene kan her spille en viktig rolle, eksempelvis gjennom utarbeidelse av regionale planer.