Skriftlig spørsmål fra Ole André Myhrvold (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:600 (2018-2019)
Innlevert: 14.12.2018
Sendt: 17.12.2018
Besvart: 04.01.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Ole André Myhrvold (Sp)

Spørsmål

Ole André Myhrvold (Sp): Vil statsråden ta initiativ til bedre korrespondanse for tog på strekningen Oslo-Gøteborg-København, samt bidra til mer effektiv reisetid på strekningen?

Begrunnelse

Det er et uttalt politisk ønske om at flere reiser bør skje med tog.
Tid er viktig når reisende bestemmer seg for transportmiddel.
Strekningen Oslo-København er en av de mest trafikkerte flyrutene utenlands over Gardermoen. Fra Østfold, og særlig fra stasjonene langs Østfoldbanens vestre linje tar det omtrent samme tid med bil og fly. Toget derimot bruker omlag én time lenger tid om vi tar Sarpsborg som utgangspunkt.
Noe av årsaken til denne mertiden er manglende korrespondanse mellom NSB og SJ i Gøteborg. I dag er det slik at man må vente omtrent 50 minutter i Gøteborg før man kan dra videre. Med gjennomgående tog fra Oslo til Malmø/København eventuelt god korrespondanse i Gøteborg hadde toget konkurrert på tid og for mange blitt et enklere valg, som både kunne dempet trafikkveksten på E6 og redusert flytrafikk.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Det alt vesentlege av innalands persontrafikk med tog i Noreg er offentleg kjøp, medan den grensekryssande trafikken mellom Halden og Göteborg er kommersiell. I Sverige er òg langsdistansetoga i stor grad kommersielle. Tog på strekninga Oslo-Göteborg blir køyrt av NSB AS, og på strekninga Göteborg-København av Öresundståg AB. Medan det er tre daglege avgangar mellom Oslo og Göteborg, er det timesavgangar mellom Göteborg og København.

Morgontoget frå Oslo med avgang klokka 07:01 er framme i Göteborg klokka 10:40, medan toget vidare mot København har avgang frå Göteborg klokka 10:55 og ankommer København klokka 14:28. Ettermiddagsavgangen frå Oslo klokka 13:01 er framme i Göteborg klokka 16:50, med vidareforbindelse klokka 16:55 og ankomst i København klokka 20:28. Dette gir ei overgangstid på respektive 15 og fem minuttar. Om ein syns fem minutter i kortaste laget for eit togbyte, er det òg ein avgang frå Göteborg til Malmö med SJ klokka 17:39 som korresponderer med tog vidare mot København. Sjølv med eit ekstra togbyte er reisetida med denne avgangen kortare, og ein er framme i København klokka 20:48.

Dei internasjonale toga mellom Oslo og København køyrast i samtrafikk med lokale og regionale tog i byområda Oslo, Göteborg, Malmö og København. I alle disse byområda må ruteleiene for dei ulike toga passa samen, noko som legg føringar for ankomst- og avgangstidene. Som togtidene over viser, er det likevel god korrespondanse mellom toga frå Oslo til Göteborg og toga frå Göteborg til København.

Når det gjeld tiltak for å få ned reisetida, vil utbygginga av moderne dobbeltspora jernbane på mellom anna på Østfoldbanen, ofte omtalt som InterCity-satsinga, vere det største bidraget på norsk side. Eg er også opptatt av utviklinga av den grensekryssande infrastrukturen og behovet for tett og godt samarbeid med nabolanda våre. Norske og svenske myndigheiter har ein lang og god historie om samarbeid for grensekryssande infrastruktur. Mellom anna utarbeida det tidligare Jernbaneverket og det svenske Trafikverket i 2016 ein rapport som så på moglege løysingar for utviklinga av strekninga Oslo – Göteborg på kort, mellomlang og lang sikt.