Skriftlig spørsmål fra Arne Nævra (SV) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:590 (2018-2019)
Innlevert: 13.12.2018
Sendt: 14.12.2018
Besvart: 20.12.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Arne Nævra (SV)

Spørsmål

Arne Nævra (SV): Lokaltogene mellom Drammen og Oslo er ofte fulle i rushtiden, og pendlere kan slite med å få sitteplass. De må stå mye av veien. Samtidig brukes en betydelig del av sporkapasiteten på Flytoget, som ikke har anledning til å frakte passasjerer fra Drammen til Oslo.
Hvor stor er dekningen på Flytogets avganger fra Drammen til Oslo på ulike tider av døgnet sammenlignet med NSBs avganger på samme strekning, og vil statsråden vurdere tiltak for å utnytte kapasiteten for å tilrettelegge bedre for togpendlere?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Jernbanedirektoratet har ei Trafikkavtale med NSB AS som definerer minimumskrav til frekvens og setekapasitet for togtilbudet mellom Drammen og Oslo S. Ut frå tilgjengeleg infrastrukturkapasitet og tilgang på togsett tilbyr ein maksimal transportkapasitet i rushtida. På strekninga Drammen-Oslo kjører NSB avgangar kvart 5-10 minutt. Parallelt kjører Flytoget avgangar til/frå Oslo Lufthavn kvart 20. minutt.
Infrastrukturkapasiteten på strekninga er på tidar av døgnet overbelasta og det er ikkje mogleg å kjøre fleire tog gjennom Oslotunnellen enn vi gjer i dag. Vi må vere trygge på at vi forvaltar den knappe infrastrukturen på ein god måte til det beste for dei mange reisande som tar og som ynskjer og å ta toget. Jernbanedirektoratet har difor, på oppdrag frå Samferdselsdepartementet, sett i gang ei utgreiing som ser på ei heilskapleg utnytting av infrastrukturkapasiteten på strekninga Drammen-Oslo-Eidsvoll.

Utgreiinga av dei to alternativa er venta sluttført i løpet av 1. kvartal 2019, og vil sjå nærare på korleis infrastrukturen kan utnyttast meist effektivt til beste for dei reisande.