Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:548 (2018-2019)
Innlevert: 07.12.2018
Sendt: 10.12.2018
Besvart: 15.12.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Vil statsråden sørgje for at ikkje folk opplever å få urimelege krav om unnlatelsesgebyr ved kjøp av motorvogn?

Begrunnelse

Ein bonde i Suldal kommune kjøpte seg snøscooter og fekk den omregistrert 27.11.18. Den 30.11.18 fekk han brev frå Statens vegvesen om å forsikra køyretøyet «så snart som mogleg». Det stod ingen frist. 27.11 var ein fredag og han fekk ikkje tak i nokon hjå forsikringsselskapet. Han tok difor kontakt med forsikringsselskapet måndag 3.12 og ordna forsikringa.
Den 4. desember fekk han gebyr frå Trafikkforsikringsforeningen med krav om gebyr. Unnlatelsesgebyr. Gebyret på kr. 907,62 ble betalt 5. desember. Det var på dette tidspunkt ikkje snø i Suldal og difor begrensa moglegheiter til å bruke snøscooter.
Dette framstår både som urimeleg og på at informasjonen som vert gitt ikkje er god nok. Omlegginga av gebyret er omtala i statsbudsjettet for 2018. Eg har difor forståing om statsråden vil skuva dette framfor seg, men eg voner statsråden vil sjå på korleis dette kan opplevast av folk flest.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Etter bilansvarslova § 15 skal eigaren av registrert motorvogn, trafikktrygde denne. Forsikringsplikta er såleis ikkje knytt til konkret bruk, men gjeld så lenge motorvogna er registrert. Eigaren kan avregistrere motorvogna viss vedkommande ikkje ønsker å betale trygd.
Etter bilansvarslova § 17a, vedteke av Stortinget ved lov 19. desember 2017 nr. 117, skal eigaren betale eit gebyr til Trafikkforsikringsforeningen om motorvogna ikkje er trygda etter § 15. Gebyret skal motivere eigaren til å oppfylle plikta til å trygde motorvogna. Slik effekt har det òg hatt. Før ordninga blei innført i 2017, var delen av motorvogner som ikkje var trygda på 3,44 prosent. No har dette tale sokke til under 1 prosent. Gebyret skal svare til den høgste premien for trafikktrygding i Noreg.
Det er lagt til grunn at betalingsplikta gjeld automatisk, òg ved eigarskifte og sjølv om den nye eigaren er dekka av tidlegare eigar si trygd, jf. prop. 1 LS (2017-2018) pkt. 15.8.2. og 15.10.
I § 4 i forskrifta om gebyr for utrygda motorvogn mv (forskrift 14. februar 2018 nr. 230) er det presisert at ny eigar skal betale gebyr for kvart døgn frå og med dato for vedtak om eigarskifte. For å gi ny eigar rimeleg tid til å ordne trygd, har eigaren likevel tre dagar frå dato for vedtak om eigarskifte før gebyr tek til å gjelde. Viss det ikkje blir teikna trygd på køyretøyet innan fristen på tre dagar, blir det gitt gebyr frå dato for vedtak om eigarskifte.
Eigaren har sjølv eit ansvar for å kjenne til dei reglane som gjeld når ein eig eit køyretøy. Det er gitt mykje informasjon, mellom anna frå Trafikkforsikringsforeningen i samband med at ordninga vert innført frå 1. mars 2018. Det ligg òg informasjon om ordninga på Trafikkforsikringsforeningen og Statens vegvesen sine nettstader og i sjølvbeteningsløysninga til Statens vegvesen om «Salsmelding på nett». I tillegg har mange forsikringsselskap døgnopne nettbutikkar og har opne kundesenter på laurdagar.
Etter forskrifta § 6 er det Trafikkforsikringsforeningen som varslar om gebyr for utrygda motorvogn. Det brevet som Statens vegvesen sendar til ny eigar når salsmelding er registrert for å informere om kva som skal til for å få køyretøyet omregistrert, vil i dag på grunn av postgang ofte ikkje nå ut før tredagarsfristen har gått ut.
Det blir arbeidd kontinuerleg for å gi god informasjon til brukarane. Det ovannemnde brevet som Statens vegvesen sender ved eigarskifte, er frå våren planlagt sendt ut elektronisk til dei som ikkje har reservert seg mot slik kommunikasjon. Då vil informasjonen raskare kome til ny eigar. Gebyrordninga vil òg bli tydelegare omtalt. Det kan òg vere aktuelt å vurdere andre tiltak for betre informasjon om ordninga. Eg vil difor be Statens vegvesen sjå nærare på dette, saman med Trafikkforsikringsforeningen.