Leif Audun Sande (A): Kan Statsråden gjere greie for framdrifta så langt og vidare framdrift i samband med Norsk Vind Energi AS sin søknad om vindmøller i området Stølsheimen - Fjonfjella, og kva han kan gjera for å stanse planane?
Begrunnelse
Norsk Vind Energi AS har søkt om å få byggja ein gigantisk vindmøllepark i områda Stølsheimen-Fjonfjella. Det seiest det er den største av sitt slag i Nord Europa. Planane har blitt møtt med stor folkeleg motstand og fleire av kommunestyra i området har sagt nei til planane.
Vindkraftanlegget vil bli øydeleggjande og inneber store naturinngrep i eit av dei viktigaste turområda på Vestlandet. Derfor har kommunar og representantar for friluftsinteressene protestert kraftig.