Skriftlig spørsmål fra Tore Storehaug (KrF) til olje- og energiministeren

Dokument nr. 15:501 (2018-2019)
Innlevert: 03.12.2018
Sendt: 03.12.2018
Besvart: 10.12.2018 av olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg

Tore Storehaug (KrF)

Spørsmål

Tore Storehaug (KrF): Kvifor har orienteringa om framdrift for konseptval og utbygging for å sikre elektrifisernig av Edvard Grieg-innretninga ikkje blitt tatt med i årets budsjettproposisjon?

Begrunnelse

I frå budsjettproposisjonen for 2016 er det årleg gjort greie for kraftbehovet på Grieg-innretninga. Her skriv og departementet at dei vedrørande varmebehovet vil orientere stortinget årleg om status for arbeidet.
I budsjettproposisjonen for 2017 og 2018 skriv departementet likelydande:

"Kraftbehovet på Grieg-innretninga skal dekkjast med kraft frå land. Operatøren for Grieg-feltet utgreier alternative løysingar for å dekkje varmebehovet på innretninga etter at løysinga med kraft frå land er på plass. Stortinget vil bli orientert på eigna måte om departementets vidare behandling av den langsiktige løysinga for Grieg-innretningas varmebehov."

I 2019 står det derimot ingenting om Grieg-innretninga.

Kjell-Børge Freiberg (FrP)

Svar

Kjell-Børge Freiberg: I tråd med Prop. 114 S (2014-2015) blir Stortinget på egnet måte holdt orientert om departementets videre behandling av den langsiktige løsningen for å dekke varmebehovet på Grieg-feltet.
I august 2018 leverte rettighetshaverne i Johan Sverdrup-feltet planene for andre byggetrinn av feltet. Planene inkluderer etablering av områdeløsningen for kraft fra land til feltene Johan Sverdrup, Edvard Grieg, Ivar Aasen og Gina Krog. Stortinget vil bli forelagt utbyggingsplanene i nær framtid. I den forbindelse vil Stortinget også bli orientert om den type forhold representanten spør om.