Skriftlig spørsmål fra Tore Storehaug (KrF) til finansministeren

Dokument nr. 15:500 (2018-2019)
Innlevert: 03.12.2018
Sendt: 03.12.2018
Besvart: 11.12.2018 av finansminister Siv Jensen

Tore Storehaug (KrF)

Spørsmål

Tore Storehaug (KrF): Når vil departementet vere ferdig med vurderinga av innhaldet i konsulenten sine rapportar frå områdegjennomgangen i samband med reform av trafikant og køyretøysområde i Statens vegvesen?

Begrunnelse

Viser til budsjettspørsmål 156 der det blir spurt etter Cap Gemini-rapporten som ligg til grunn for områdegjennomgangen og reform av trafikant og køyretøysområde blir gjort offentleg. Svaret på spørsmålet 18.10 var at:

"Departementet vurderer no om det er innhald i konsulenten sine rapportar frå områdegjennomgangen kor ein ikkje kan gje innsyn, til dømes av omsyn til staten sin forhandlingsposisjon. Departementet vil komme attende til offentleggjering av rapportane etter at denne vurderinga er gjennomført."

Siv Jensen (FrP)

Svar

Siv Jensen: Eg syner til svar på budsjettspørsmål 156 frå KrF sin fraksjon i Finanskomiteen, om offentleggjering av rapportar frå områdegjennomgangen av Statens vegvesen når det gjeld trafikant- og køyretøyområdet.
Departementet er ferdig med vurderinga av om det er innhald i konsulentrapportane der ein ikkje kan gje innsyn, til dømes av omsyn til staten sin forhandlingsposisjon. Departementet har vurdert at rapportane er offentlege. Rapportane vil om kort tid bli publisert på regjeringen.no.
Oppdragsbrev av 29. oktober i år til Statens vegvesen om det vidare arbeidet med mellom anna reform av trafikant- og køyretøyområdet, ligg vedlagt.