Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:489 (2018-2019)
Innlevert: 30.11.2018
Sendt: 30.11.2018
Besvart: 07.12.2018 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Meiner forsvarsministeren at behandlinga av grunneigarane på Ørlandet er i samsvar med god forvaltingsskikk og etiske retningslinjer som gjeld ved slike erstatningssaker?

Begrunnelse

I samband med kampflybasen på Ørlandet har ei gruppe bønder og Forsvarsbygg i over eitt år forhandla om kontraktar for erstatning av bustader på landbrukseigedomar. Fire familiar blei 28.11.18 tvinga til å akseptere eit tilbod frå Forsvarsbygg kor fleire spørsmål knytt til kontrakten manglar svar. Forsvarsbygg har også dei siste to vekene har lagt inn nye føresetnader i avtalen, som har store negative praktiske og økonomiske konsekvensar for dei berørte. Fleire har ikkje fått oversendt ei endeleg kontrakt frå staten. Forsvarsbygg har saman med grunneigarane sine advokatar jobba med å utforme kontrakten i over eitt år. For to veker sidan sette Forsvarsbygg fristen for å akseptere kontrakten til 28.11. kl. 15.00. Men Forsvarsbygg har i løpet av disse to vekene ikke svara ut viktige spørsmål, og for fleire av familiane er det framleis uklårt kva som ligg i kontrakten. Difor ba dei berørte den 28.11. om å få utsett fristen med 48 timer – men dette blei blankt avslått av Forsvarsbygg.
I følgje dei berørte har Forsvarsbygg sin framgangsmåte skapt fortviling og usikkerheit. Dei opplever at dei er trua til å akseptere ei avtale dei ikkje veit kva vil medføre. Trugsmålet består i at familiane ville mista moglegheita til innløysning viss dei ikkje hadde akseptert avtalen. Uten å få endeleg avklara innhaldet i kontraktane, måtte dei den 28.11. akseptere tilbodet.
Det har lenge vore kommunisert at alle kan disponere bustaden i to år etter innløysning, dette ligg mellom anna i møtereferat frå 18.mai 2016 (med merknader fra FB av 24. mai 2016) der det var semje om to års disposisjonsrett, utan særlege atterhald. No nyleg, etter at Forsvarsbygg har gitt ein kort frist for signering for fire grunneigarar, avgjer Forsvarsbygg ensidig at fristen skal vere maks eitt år for andre bustader.

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Forhandlingane mellom grunneigarane, med juridisk bistand frå advokat, og Forsvarsbygg har, som representanten skriver, vore i gang i over eitt år. Blant anna presiserte Forsvarsdepartementet 15. august 2017 at driftsmessige næringsulemper skulle inkluderast i forhandlingane for dei gardbrukarane som ynskja innløysing som og valte å etablera bustaden utanfor sjølve gardsbruket. I forhandlingane mellom gardbrukarane og Forsvarsbygg vurderast kvar einskild sak individuelt, og ein søker å finne så gode løysingar som mogeleg innanfor dei føresetnadane som ligg i reguleringsplanen og intensjonane som blei lagt til grunn i vedtaksarbeidet i samband med planen.
Forsvarsdepartementet går ut frå at grunneigarane sin advokat i prosessen har orientert om vesentlege forhold i diskusjonane med Forsvarsbygg. Forsvarsdepartementet er gjort kjent med at Forsvarsbygg og grunneigarane i samråd med deira advokat blei samde om storleiken på erstatningsbeløpa fyrste halvår 2018. Etter forhandlingar hausten 2018 vart fristen for å akseptera kontraktvilkåra for dei fire første gardbrukarane satt til 16. november 2018. Fristen blei seinare utsett til 28. november 2018. Forsvarsbygg fekk ein vilkårsbunden aksept ved at pristilbod blei akseptert, men det var fortsatt behov for å avklare detaljer i kontraktutkastet. Forsvarsbygg opplyser at desse forholda vil bli gjennomgått med advokaten i forkant av den endelege underskrifta av avtalen om innløysing mellom grunneigar og Forsvarsbygg.
Forsvarsdepartementet legg til grunn at Forsvarsbygg følger opp gjennomføringa av både støytiltak og innløysing i samsvar med føresetnadene og tidskrava i reguleringsplanen for Ørland flystasjon på en ryddig måte og i samsvar med god forvaltningsskikk og etiske retningslinjer. Etter departementets syn kunne Forsvarsbygg gått med på ei kort forlenging av svarfristen, slik grunneigarane bad om. Departementet vil ta opp saka med Forsvarsbygg.