Skriftlig spørsmål fra Heidi Herum (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:474 (2018-2019)
Innlevert: 28.11.2018
Sendt: 29.11.2018
Besvart: 07.12.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Heidi Herum (Sp)

Spørsmål

Heidi Herum (Sp): Kan ministeren som øverste eierrepresentant for Nye veier bidra til å skape fortgang og avklaring i det videre arbeidet med midler til avlastet veinett på E18 Rugtvedt-Dørdal?

Begrunnelse

Nye veier AS, eid av Samferdselsdepartementet, har fått overført ansvar og midler til gjennomføring av ulike vegprosjekter. Flere prosjekter der reguleringsarbeidet var ferdigstilt/nesten ferdigstilt, før Nye veier fikk overført prosjektene, er nå godt i gang.
Et eksempel er strekningen E18 Rugtvedt-Dørdal. Denne strekningen er forventet skal åpne i 2019.
Som en del av reguleringsarbeidet på E18 Rugtvedt-Dørdal, blei det av Statens vegvesen utarbeidet en rapport om ulike tiltak på avlastet veinett. Disse midlene inngår, etter representanten sin forståelse, i Nye veiers totalbudsjett for veiprosjektet. Det er i midlertidig knyttet usikkerhet til summen på midlene til avlastet veinett, og til når disse midlene frigjøres for videre prioritering, prosjektering og iverksetting.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Nye Veier AS blei oppretta 1. januar 2016 med eige styre og eiga finansiering over statsbudsjettet. I tillegg til den statlege finansieringa blir selskapet si utbyggingsverksemd finansiert med bompengar.
Regjeringa sine mål med selskapet er ei meir heilskapleg planlegging og utbygging av trafikksikre riksvegar, større kostnadseffektivitet og tydeleg prioritering av samfunnsøkonomisk lønnsemd.
Samferdselsdepartementet har inngått avtale med selskapet som fastlegg dei overordna rammene for selskapet, medrekna omtale av oppstartsportefølja som skal byggjast ut av selskapet. Selskapet skal innanfor ramma av formålet og finansieringa til selskapet sjølve prioritere oppgåvene sine. Selskapet skal informere Samferdselsdepartementet om prioriteringa.
For å fastleggje dei økonomiske rammene for einskilde strekningar som skal byggast ut inngår Samferdselsdepartementet vegutbyggingsavtalar med selskapet. Vegutbyggingsavtale for strekninga E18 Langangen - Dørdal blei inngått 10. mai 2016. Denne avtala fastset omfanget av arbeida og vederlaget for selskapet si utbygging av strekninga.
Arbeida omfattar utbygging av hovudvegen med sidevegar og lokalvegar, medrekna gong- og sykkelvegar som står i naturleg og nødvendig samband med veganlegget.
Nye Veier er ansvarleg for å førebu omklassifisering frå riksveg til fylkesvei i dei tilfella dette er aktuelt. I denne samanhengen er selskapet ansvarleg for å gjennomføre naudsynte tiltak på og langs noverande riksveg slik at vegen oppfyller de tekniske krava som stillast for slik omklassifisering. Dette ansvaret gjeld for dagens E18 på strekninga Rugtvedt - Dørdal, som er planlagt omklassifisert til fylkesvei.
Nye Veier er i dialog med fylkeskommunane i alle fylka kor selskapet har pågåande utbyggingsprosjekt. Målet er å etablere standardiserte samarbeidsavtalar mellom selskapet og dei aktuelle fylkeskommunane. For Telemark sin del vil ein samarbeidsavtale gjelde heile strekninga frå Langangen til Aust-Agder grense.
På strekninga Langangen - Dørdal er det allereie gjennomført fleire tiltak på omkøyringsvegnettet. Dette gjeld blant anna fv. 356 Flakvarp og tiltak knytte til Breviksbrua. Tiltaka er administrerte av Statens vegvesen og Nye Veier AS er bedne om å delfinansiere tiltaka. Det er også dialog mellom selskapet og fylkeskommunen om eventuelle bidrag til fv. 353 Rugtvedt – Surtebogen, Gassveien.
Eg legg til grunn at Nye Veier og fylkeskommunen finn fram til ei semje om kva tiltak på sidevegsnettet som er naudsynte som følgje av utbygginga. Dette omfattar tiltak på avlasta vegnett for å oppfylle krava i veglova knytte til omklassifisering.