Skriftlig spørsmål fra Nils Aage Jegstad (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:417 (2018-2019)
Innlevert: 21.11.2018
Sendt: 22.11.2018
Besvart: 04.12.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Nils Aage Jegstad (H)

Spørsmål

Nils Aage Jegstad (H): Behandlingen av mobilitetspakkens sosiale del er inne i en kritisk fase i EU-systemet.
Hva gjør regjeringen for å fremme norske interesser på vegtransportområdet, og hvilket handlingsrom innenfor EØS gjør det mulig å gjøre noe med f.eks. arbeidslivskriminaliteten?

Begrunnelse

I Jeløya-plattformen skriver regjeringen at den vil arbeide aktivt mot liberalisering av kabotasjeregelverket og redusere omfanget av ulovlig kabotasje. Transportnæringen i Norge har utrykt bekymring knyttet til prosessen i EU hvor man ønsker å liberalisere kabotasjereglene. Viktige problemstillinger som hviletidsbestemmelser, arbeidsvilkår og likelønnsgarantier er sentrale for å sikre en rettferdig konkurranse i et internasjonalt transportmarked som opererer med ulike arbeidslivsmodeller. Dette er også viktig for å trygge de norske veiene. Effektiv håndheving av reglene er sentrale i denne sammenheng. I dag registreres oppdragene på papir, noe som gjør håndhevingsarbeidet vanskeligere.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Regjeringa er oppteken av like konkurransevilkår, trafikktryggleik og rimelege lønns-og arbeidstilhøve i vegtransportsektoren. Jeløyaerklæringa slår fast at regjeringa skal bidra til ryddige konkurranseforhold og arbeide aktivt mot liberalisering av kabotasjereglane. Mykje av vegtransporten er grenseoverskridande, og området er i stor grad underlagt felleseuropeisk regelverk. Regjeringa arbeider derfor for at dei nye reglane som EU-kommisjonen har føreslått om tilgang til marknaden, kabotasje, køyre- og kviletid og utsending av arbeidstakarar– "mobilitetspakka"- skal redusere moglegheitene for misbruk og svindel knytte til sosiale rettar og trafikktryggleik. Å få på plass ein ny versjon av smart fartsskrivar som loggar køyreaktivitetar digitalt, er i denne samanhengen svært viktig for å styrke styresmaktene sine moglegheiter for effektiv kontroll og bør innførast så snart som mogleg.
Dei norske synspunkta er utarbeidde i samråd med næringa.
Regjeringa følgjer utviklinga av forslaget i EU-systemet nøye. I samband med at Rådet utarbeider sin posisjon deltek Samferdselsdepartementet i Road Alliance, som er ei samanslutning av EU-land (Austerrike, Belgia, Danmark, Frankrike, Tyskland, Hellas, Italia, Luxembourg, Sverige og Sveits). Alliansen er samde om hovudsynspunkt på mobilitetspakka, m.a. klare reglar, ingen liberalisering av kabotasje og raskare innføring av nye kontrollverktøy, og har m.a. utarbeidd fleire felleserklæringar. Samarbeidet har vore tett både på administrativt og politisk nivå. Alliansen er eit viktig forum for medverknad for Noreg.
Representantar frå Samferdselsdepartementet har òg fremma norske synspunkt på mobilitetspakka gjennom møter med saksansvarlege representantar i Europapaparlamentet, både på politisk og administrativt nivå, seinast på ministermøte no i november.
Å motverke arbeidslivskriminalitet er viktig, også internasjonalt. Å arbeide for klare internasjonale reglar som kan kontrollerast, og å fremme digitale løysingar, er tiltak for å motverke arbeidslivskriminalitet, ta i vare trafikktryggleiken, og trygge rimelege lønns- og arbeidstilhøve i vegtransportsektoren. Eit anna tiltak departementet ser på, er moglegheitane for å styrke samhandlinga mellom norske kontrollstyresmakter og kontrollstyresmaktene i andre EU-land. Det vil kunne styrke kompetansen, fremme deling av informasjon og eit meir koordinert operativt samarbeid. Representantar frå embetsverket har m.a. hatt samtalar med nederlandske styresmakter om korleis samhandlinga kan styrkast. Eg vil i denne samanhengen òg syne til at etterleving av køyre- og kviletid, handheving og reglane om tilgang til vegtransportmarknaden er nemnde som arbeidsområde i EU- kommisjonen sitt forslag til eit European Labour Authority.