Skriftlig spørsmål fra Per Sverre Kvinlaug (KrF) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:97 (2018-2019)
Innlevert: 10.10.2018
Sendt: 11.10.2018
Besvart: 17.10.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Per Sverre Kvinlaug (KrF)

Spørsmål

Per Sverre Kvinlaug (KrF): Vil statsråden sørge for at det etableres gode ordninger for reservestrøm ved strømbrudd, og skjerpe myndighetenes krav, slik at landets mobilmaster ikke faller ut ved strømbrudd på mer enn to til fire timer?

Begrunnelse

Nylig feide ekstremværet "Knud" innover landet. Mye tyder på at slike værsituasjoner vil vi måtte forberede oss på å få langt flere av enn tidligere. Jeg opplevde selv at mobildekningen forsvant, og at årsaken til dette var så banal som manglende batterikapasitet på basestasjonen. Ifølge NRK er det slik at i bare 39 av landets 422 kommuner fungerer mobilnettet i mer enn to til fire timer ved strømbrudd.
At jeg som ordfører og leder av kommunens beredskap opplevde å ikke få kommunisert med mine folk i denne situasjonen er ille nok. Men enda verre er det at aldre opplever at tryggheten de har i trygghetsalarmen sin ikke er tilstede.
Hos Telenor fikk vi vite at de tilfredsstiller myndighetenes krav når det gjelder batterikapasitet. For meg er det åpenbart at hvis det er slik, må myndighetene stille strengere krav. Mobilnettet er vesentlig i beredskapssammenheng på mange plan.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Elektroniske kommunikasjonstenester (ekomtenester) har etter kvart vorte særs viktige i eit moderne samfunn. Ekomnetta ber stadig større verdiar og er ein grunnleggjande innsatsfaktor for aktivitet i alle samfunnssektorar. Det er sjølvsagt krevjande å miste tilgang til mobiltenester og andre ekomtenester. Difor er det viktig å fokusere på tiltak for å redusere sårbarheit og sørgje for eit kontinuerleg arbeid for å gjere ekomnett stadig meir robuste. Kvaliteten på norske mobilnett er generelt god med høge tal for oppetid.
Regjeringa har over fleire år auka budsjettmidlane for å betre sikkerheit og beredskap i ekom. I budsjettforslaget for 2019 er det sett av 183 mill. kroner, som i tillegg til forsterka ekom òg omfattar blant anna beredskapsavtaler og styrking av landsdekkjande kjernenett (transportnett). Frå 2014 til 2018 er det løyva over 400 mill. kroner til slike tiltak.
I 2013 blei Lov om elektronisk kommunikasjon (ekomloven) endra, og det blei stilt krav om at tilbydarane skal tilby nett og teneste med forsvarleg sikkerheit til brukarar i fred, krise og krig. Dette innebar i realiteten eit skjerpa krav til sikkerheitsnivået i tenesteleveransane.
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) vedtok i juni 2014 ei ordning med minstekrav til reservestraumkapasitet for mobilnett. Om straumforsyninga sviktar, pliktar mobilnetteigarane å ha på plass løysingar for basestasjonane som sikrar minst fire timar driftstid i risikoutsette område og minimum to timar driftstid i byar og mindre risikoutsette område. Tilbydarane må sjølv dekke kostandene for desse tiltaka, som er berekna til over 1,1 mrd. kroner. Det må gjerast eit omfattande arbeid med opprusting av så mykje som 10 000 basestasjonar, og tilbydarane fekk i vedtaket fem år på å fullføre arbeidet i risikoutsette område og inntil åtte år for resten.
Parallelt med reservestraumvedtaket sette Nkom også i gang eit program for å sikre at mobiltenester fungerer i eit avgrensa dekningsområde i kvar kommune i minst tre døgn ved straumavbrot. Programmet heiter forsterka ekom og er basert på statleg finansiering. Det vil betre den lokale krisehandteringsevna ved langvarige straumbrot. Kommunane som har dei største behova ut frå ei risikovurdering, blir prioritert. I eit tett samarbeid med Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) vert kommunane valt ut etter prioriterte lister frå beredskapssjefane i fylka og med bakgrunn i utfallsstatistikkane til tilbydarane. Til no er det brukt 208 mill. kroner i programmet og 38 kommunar har fått ei slik løysing. I årets budsjett er det foreslått midlar til å gi ytterlegare sju kommunar forsterka ekom.
Eg vil peike på at auke i reservestraumkapasitet berre er eit av fleire relevante tilhøve å vurdere med tanke på å redusere sårbarheit. Straumavbrot er ei hovudårsak til at mobilbase-stasjonar etter kvart fell ut. Betre sikring av straumforsyningsliner mot brot eller kortslutning på grunn av ras eller at tre fell over linene, er difor òg eit område som bør prioriterast. Gode tiltak på dette området kan ha minst like stor effekt som å auke reservestraumkapasitet på basestasjonar. Likeeins er brot i transmisjonskablar som knyt basestasjoner saman med resten av nettet, på grunn av ras og flaum eller tre som fell over luftliner, òg ei utfordring. Det er difor viktig å sjå på heilskapen og ikkje berre isolert på reservestraumløysingar.
Slik vi ved fleire tilhøve har sett godt samarbeid lokalt for å betre mobildekninga, er det sjølvsagt òg mogeleg for lokale styresmakter å gå saman med ekomtilbydarar, strømnetteigarar og andre for å gjere lokale tiltak, slik at netta blir meir robuste og risikoen for utfall vert mindre.
Kravet til forsvarleg tryggleik i ekomloven er ein rettsleg standard som vil måtte vurderast i tråd med den generelle utviklinga i samfunnet. Ettersom tilhøva endrar seg over tid er det naturleg for styresmaktene å vurdere kva som er forsvarleg tryggleik og om det er naudsynt å setje nye krav til nett- og tenestetilbydarane.
Vi er framleis i ei fase der reservestraumordninga som er vedteke, ennå ikkje er fullt utbygd. Eg meiner det er riktig å la tilbydarane fullføre det som er vedteke før det er grunn til vurdere andre krav. Samstundes er det høveleg at det òg blir vurdert om det er mogeleg å gjere tiltak på andre område, ikkje minst i kraftsektoren, som kan gjere straumnetta meir robuste mot brot og utfall.
Det er ikkje mogeleg å sikra seg heilt og fullt mot svikt i ekomtenester, men regjeringa er oppteken av å halde fram arbeidet med å redusere sårbarheit i ekomnett og -tenester slik at dei blir levert med forsvarleg tryggleik.