Skriftlig spørsmål fra Sverre Myrli (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:4 (2018-2019)
Innlevert: 01.10.2018
Sendt: 02.10.2018
Besvart: 05.10.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Sverre Myrli (A)

Spørsmål

Sverre Myrli (A): Vil statsråden vurdere å styrke bussjåførenes opplevelse av egen sikkerhet ved at transportør skal kunne fatte tidsbestemte utestengelsesvedtak for passasjerer med uhøvisk eller truende oppførsel, og inkludere dette i befordringsvedtektene?

Begrunnelse

Bussjåfører som blir fysisk angrepet eller truet av passasjerer mens de er på jobb synes å være et stadig økende problem. Sammenlignet med andre yrkesgrupper og bransjer har bussjåførene et dårlig vern mot fysisk og psykisk vold. Vilkår for transport med rutegående busstrafikk i Norge – ofte kalt befordringsvedtektene – gir ikke bussjåførene mulighet til å nekte ta med reisende, med mindre de er synlig påvirket av rusmidler eller til åpenbar sjenanse for andre reisende ved tidspunktet for påstigning. Med anbudsutsetting opplever mange bussjåfører at deres arbeidsgivere blir fratatt en viktig del av muligheten til å beskytte sine ansatte, det oppleves som at det er bestillerens interesser og regler som har forrang.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Eg deler representantens ynskje om at både personell og passasjerar på offentlege transportmiddel skal kunne føle seg trygge.
Verksemder som driv persontransport i rute er med heimel i yrkestransportlova § 33, jf. yrkestransportforskrifta § 31 pålagt å nytte transportvilkår godkjent av Samferdsels-departementet. Etter dei gjeldande transportvilkåra kan ein sjåfør nekta å ta med kundar som er synleg påverka av rusmiddel, eller som på annan måte kan bli til ulempe eller ubehag for andre reisande. Kundar som opptrer usømeleg eller på annan måte sjenerer dei andre passasjerane kan visast bort. Denne retten er viktig og kan nyttast fleire gonger etter kvarandre dersom ein meiner det er behov for det.
Sjåførar kan i medhald av transportvedtektene vise bort passasjerar som har ei slik framferd som nemnt ovanfor i einskildtilfelle. Dersom bussjåførar vert utsett for truslar frå passasjerar og andre må slik framferd og kunne meldast til politiet.
Bruk av tidsavgrensa utestenging frå bruk av offentleg kollektivtransport på grunnlag av truande oppførsel ovanfor sjåførar, vil ha eit strafferettsleg preg og må difor ha heimel i lov.
Eg legg til grunn at å leggje ned forbod for einskildpersonar å nytte offentleg tilgjengeleg kollektivtransport er ei forvaltningsoppgåve med dei følgjer det vil ha, m.a. omsyn til krav om sakshandsaming, grunngjeving og klagerett. Yrkestransportlova har i dag heimel til å kunne gje ruteselskap som søkjer om det, eit avgrensa høve til å halde attende passasjerar som ikkje har gyldig billett og ikkje vil gje opp personalia til kontrollørane. Denne tilbakehaldsretten er basert på avtalerett og ikkje strafferettslege prinsipp.
Eg meiner det må vere ei politioppgåve å sikre tryggleiken i det offentlege rom. Etter politilova § 7 Håndhevelse av den offentlige ro og orden m.v. har politiet mellom anna heimel til å kunne vise bort personar og forby opphald i einskilde område.