Skriftlig spørsmål fra Willfred Nordlund (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:2386 (2017-2018)
Innlevert: 28.09.2018
Sendt: 01.10.2018
Besvart: 08.10.2018 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Willfred Nordlund (Sp)

Spørsmål

Willfred Nordlund (Sp): Kan statsråden gjere greie for kor mange HV-områdar som leggjast ned i 2018, 2019 og 2020 fordelt på kvart Heimevernsdistrikt?

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Stortinget vedtok i samband med handsaminga av langtidsplanen for forsvarssektoren at Heimevernet (HV) skal førast vidare med 11 distrikt, ref. Innst. 62 S (2016–2017). Vidare vart det vedteke i samband med handsaminga av landmaktsutgreiinga at HV skal ha områdestruktur og innsatsstyrker på til saman 40 000 soldatar, ref. Innst. 50 S (2017–2018) til Prop. 2 S (2017–2018).
Når det gjeld HV-område, er dette innanfor forsvarssjefens myndigheit å tilpasse ut frå operative omsyn. Forsvaret opplyser at det i 2018 ikkje er lagt ned nokon HV-område. I 2019 er det planlagt å leggje ned 21 områder. Desse er fordelt på følgande distrikt:

•HV 02 tre område
•HV 08 åtte område
•HV 09 tre område
•HV 11 eit område
•HV 12 seks område

Den komplette operative organisasjonsplanen (KOP) for 2020 er ikkje klar. Det finst derfor ingen planar om å legge ned område i 2020 i dag.
Strukturendringane gjerast for å tilpasse områda til ein styrkestruktur på 40 000 soldatar, og sikre best mogeleg utnytting av styrkane ut frå operative og taktiske omsyn. I tillegg til objektsikring, er blant anna omsyn til HV-distriktas totale oppgaveportefølje, som alliert mottak, overvaking og kontroll og styrkevern lagt til grunn for tilpassinga av HV-områda. Eg har full tillit til forsvarssjefens vurderingar når det gjeld tilpassinga av Heimevernet og kva som samla sett gjev det beste forsvaret av Noreg.