Skriftlig spørsmål fra Arne Nævra (SV) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2385 (2017-2018)
Innlevert: 28.09.2018
Sendt: 01.10.2018
Besvart: 10.10.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Arne Nævra (SV)

Spørsmål

Arne Nævra (SV): Den 21.september kunne Aftenposten melde at det kanskje aldri blir noe av to-etasjers vogner på Østfoldbanen slik det var forespeilet. Mye tyder på at prisen for toget og tilpasninger til perronger på Østfoldbanen blir så høy at Jernbanedirektoratet og Norsk vil takke nei.
Hva vil statsråden bidra med for at den hardt prøvde Østfoldbanen skal få dobbeltdekkere og kan han samtidig bekrefte opplysningene om at Jernbanedirektoratet ikke har gitt mandat til å utrede de mest trafikkerte strekningene?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Betringane i tilbodet på Austlandet som blei gjennomført i 2012/2014 har i mindre grad betra forholda til dei reisande på Østfoldbanen. Det er først når Follobana blir tatt i bruk i 2021 og kapasiteten på Moss stasjon er utvida i 2024 at togtilbodet kan løftas tilsvarande i korridoren sør for Oslo. Sjølv om tilbodet og kapasiteten er nær uendra har vekst i passasjerar vore stor. Det gjeld særleg dei reisande og lokaltoga nærast Oslo (linje L2/L2X). Dette leiar i periodar til svært fulle tog noko som førar til lange opphald på stasjonar og at toga blir forsinka.
Jernbanedirektoratet tok i 2017 initiativ til å undersøkje om leige av dobbeltdekkertog kunne vere eit mellombels tiltak for å gi betre kapasitet på Østfoldbanen. Tanken var at slike tog kunne setjast inn på rushtidsavgangane mellom Halden og Oslo, og moglegvis få eit noko utvida stoppmønster. Avgrensinga til togavgangar mellom Halden og Oslo blei gjort fordi desse toga har start- og endepunkt på Oslo S, og at dei dermed ikkje forstyrrar togmønsteret gjennom Oslotunnelen der kravet til korte stasjonsopphald er viktig.
I undersøkinga opplyser Jernbanedirektoratet at dei har sett på kva som må endrast i infrastrukturen, kor mykje det vil koste å leige inn tog for ein periode på fem år og kva det vil koste med opplæring på ein ny type tog. Jernbanedirektoratet er no i ferd med å stille saman desse resultata, men har allereie no antyda at kostnadene for eit slikt mellombels tiltak ser ut til å bli høge. Ein må vente med endeleg vurdering til samanstillinga er klar.
Jernbanedirektoratet har i tillegg, etter oppdrag frå SD og i samråd med NSB og Bane NOR, sett på mogelege tiltak for å betre sjølve togtilbodet på Østfoldbana på kort sikt. Med bakgrunn i direktoratet si tilråding foreslår Samferdselsdepartementet å styrke togtilbodet med fleire avgangar og mindre justeringar av stoppemønster. Tiltaka vil avlaste avgangane med størst etterspurnad på Linje L2, og gir fleire reisealternativ og lågare reisetid for pendlarar frå Vevelstad. Samtidig aukar reisetida for reisande frå Ski og indre Østfold med om lag 2 minutt. Det opplevast sjølvsagt som ei ulempe for reisande på Austre linje. Direktoratet og departementet si vurdering er likevel at behovet for snarlege tilbodsforbetringar for den tyngst trafikkerte strekninga på Østfoldbanen er stort, og at tiltaka som blir foreslått i sum vil gi ei styrking av tilbodet til dei reisande.