Skriftlig spørsmål fra Ingalill Olsen (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2361 (2017-2018)
Innlevert: 27.09.2018
Sendt: 27.09.2018
Besvart: 02.10.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Ingalill Olsen (A)

Spørsmål

Ingalill Olsen (A): Vil et havgående lakseslakteri, som henter opp fisk fra merdene i norske fjorder for å levere direkte til oppkjøpere på kontinentet, gi «samfunnsmessige gevinster», etter statsrådens vurdering, og mener samferdselsministeren denne tildelingen er i tråd med hensikten bak insentivordningen for å få gods fra veg til sjø?

Begrunnelse

Insentivordningen for å stimulere til mer transport på kjøl skal kunne gi redere som bidrar til å ta godsfrakt vekk fra vegene en økonomisk støtte til tiltaket. Støttebeløpet er avhengig av «samfunnsmessige gevinster», som det heter i tildelingskriteriene. Regjeringen har gjennom Kystverket nylig valgt å gi 20 millioner kroner til oppstart av et lakseslakteri på båt gjennom denne insentivordningen. Båten vil laste opp fisken direkte fra merdene hvor hele prosessen med slakting, sløying og kjøling av fisken vil skje om bord under transport til kontinentet. Mange vil mene at dette er ikke bare eksport av fisk, men også eksport av norske distriktsarbeidsplasser.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Oppdrettsnæringa og resten av sjømatnæringa er utruleg viktig for Norge og norsk økonomi, og me eksporterer 36 millionar fiskemåltid kvar einaste dag. Regjeringa har eit klårt og tydeleg mål om å styrke Norge som eksportør av sjømat. Mykje av oppdrettslaksen vert eksportert som sløgd fisk, medan den vidare tilarbeidinga skjer i utlandet. Det er heilt naturleg at oppdrettsnæringa ser på høva for å effektivisere drifta og auke lønsemda. Me jobbar kvar einaste dag med å betre rammevilkåra for norsk næringsliv, slik at ein større del av verdiskapinga skjer i Norge. Insentivordninga er utforma i tråd med det politiske målet om at meir gods skal flyttast frå veg til sjø og bane. Hensikta med insentivordninga er å overføre gods frå norske vegar til sjø gjennom etablering av nye sjøtransporttilbod. Sjøtransport er den transportforma som gir lavast kostnadar for samfunnet, i form av ulykker, støy, kø, slitasje på infrastruktur, luftforureining og klimagassutslepp. Godsoverføring gir med andre ord gevinst for klima, miljø og trafikksikkerheit, og det kan betre kapasiteten på norske veger. Kystverket kan gi tilskot til nye sjøtransporttilbod som skaper samfunnsnytte som følgje av at transporten går på kjøl i staden for på veg, er avhengig av støtte for å kunne etablerast, og er levedyktig etter støtteperioden på opptil 3 år. Vilkåra er i tråd med retningslinjene for offentleg støtte til maritim transport. Kystverket fekk fleire søknadar om tilskot til gode prosjekter til tildelingsrunden i 2018 enn det var midlar til. Kystverket måtte derfor velje ut dei prosjekta som var best basert på tildelingskriteria. I vedtaket til Kystverket går det fram at Hav Line AS sitt prosjekt oppfyller vilkåra for at dei kunne tildelast tilskot. Ein ventar at det nye sjøtransporttilbodet til Hav Line AS vil overføre om lag 212 000 tonn last frå veg til sjø dei neste tre åra. Dette er altså gods som ein elles hadde måtte frakta med vogntog på norske vegar. Kystverket har berekna at dei sparte kostnadane for samfunnet som ei direkte følgje av denne godsoverføringa, er om lag 20 millionar kroner. Kystverket har ikkje vurdert andre moglege positive eller negative effektar på samfunnet, som til dømes innovasjonsgrad, verdiskaping, næringsutvikling eller eventuelle konsekvensar for norske arbeidsplassar. Ordninga er ikkje retta inn som eit næringspolitisk tiltak, men som eit transportpolitisk tiltak som skal redusere miljømessige og andre samfunnsmessige belastningar frå godstransport. Eg legg likevel til grunn at selskap som hentar betydeleg støtte frå statsbudsjettet har som intensjon å bidra til auka verdiskaping i Norge. Hav Line har også offentleg gjort greie for at premissen i spørsmålet frå representanten om at dette fører til utflytting av norske distriktsarbeidsplassar ikkje er korrekt. Det meiner eg er ei god avklaring.
Flytting av gods frå veg til bane og sjø er ei sjølvstending politisk målsetting. Eg meiner likevel at det er bra om støtte til godsoverføring bidreg til å oppretthalde eller skape nye arbeidsplassar i distrikta. Eg er ikkje framand for å vurdere endringar i kriteria for tildeling dersom eksisterande kriterier viser seg å ikkje være tilstrekkeleg treffsikre.