Tore Storehaug (KrF): NAV si støtteordning for aktivitetsmidlar for vaksne over 26 år er i ferd med å bli brukt opp, slik at alle søknadar er sett i bero.
Kva vil statsråden gjere for å sikre at alle brukarar får nødvendige hjelpemiddel?
Begrunnelse
I slutten av august har brukarar, hjelpemiddelleverandørar og fagmiljø fått beskjed frå NAV at den nevnte potten no er tom. Det er gledeleg at det no er stor tilsøking på midlane fordi dei er blitt betre kjent og det er komme meir og betre utstyr som gir brukarar ein betre kvardag. Brukarar og brukarorganisasjonar har gitt uttrykk for at dei synes det er kritikkverdig at ein ikkje har sett denne situasjonen komme når det nærmar seg slutt på pengane allereie etter andre tertial.