Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2219 (2017-2018)
Innlevert: 10.09.2018
Sendt: 10.09.2018
Besvart: 17.09.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Foreligger det vedtak i Stortinget om bompengepakke Nord-Jæren som departementet anser som hinder for å utsette innføring av bompengepakken fra 1. oktober 2018 til 1. januar 2019?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Stortinget handsama Prop. 47 S (2016-2017) Finansiering av Bypakke Nord-Jæren i Randaberg, Sandnes, Sola og Stavanger kommunar i Rogaland i 2017, jf. Innst. 214 S (2016-2017). Stortinget ga med dette samtykke til eit nytt revidert bompengeopplegg for Nord-Jæren, som skal avløyse dagens innkrevjing i Nord-Jærenpakken. Av proposisjonen framgår det at innkrevjinga i dagens bomstasjonar blir vidareført inntil dei nye bomstasjonane er sette i drift, etter planen tidleg i 2018.
Etter at Stortinget handsama saka, er det av praktiske omsyn lagt til grunn at det nye innkrevjingssystemet skal setjast i drift 1. oktober 2018. Det har den siste tida vore usikkert om dei lokale styresmaktene framleis ønskjer dette.
Det er eit viktig prinsipp at bompengefinansiering skal byggje på lokalt initiativ og vedtak.
Lokale styresmakter på Nord-Jæren fatta vedtak om det nye bompengeopplegget i 2014, og dette blei lagt til grunn for den vidare handsaminga av saka i regjeringa og Stortinget.
Dersom lokale styresmakter ikkje lenger står ved vedtaka sine, må dette først handterast lokalt. Eg må eventuelt få tilbakemelding frå styringsgruppa om at det likevel ikkje er grunnlag for å setje i drift det nye innkrevjingssystemet frå oktober som planlagt. Stortinget har ikkje gitt konkrete føringar for når dette skal skje, og det vil heller ikkje eg gjere.
Dersom lokale styresmakter vel å avvente innføring, legg eg til grunn at innkrevjinga i dagens bomstasjonar blir vidareført for å dekke økonomiske forpliktingar ein har pådratt seg. Samstundes må dei fire kommunane og fylkeskommunen verte samde om eit alternativt finansieringsopplegg som på nytt kan leggjast fram for Stortinget. Det må vere balanse mellom inntektene og utgiftene i pakka, og ein må syne korleis ein vil nå nullvekstmålet. Dersom ei slik semje foreligg mellom dei lokale partane vil ein kunne flytte innføringstidspunktet under desse føresetnadane.