Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:2216 (2017-2018) Innlevert: 07.09.2018 Sendt: 07.09.2018 Besvart: 14.09.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale
Siv Mossleth (Sp): Det er viktig at havområder ikke forurenses av plast og mikroplast. Internasjonalt fremgår det av FNs bærekraftsmål at all marin forurensning skal forebygges og signifikant reduseres innen 2025. Senter for oljevern og marint miljø skal bidra til å utvikle metoder og teknologi for opprydning etter marin forsøpling.Oppgaven haster, når ventes det at utviklingen av metoder og teknologi starter i senterets regi?
Jon Georg Dale: Senter for oljevern og marint miljø (SOMM) skal vere eit nasjonalt og internasjonalt kompetansesenter for arbeidet med oljevern og mot marin plastforsøpling. Senteret skal i 2018 etablerast med nødvendig kompetanse og system for å sikre ei forsvarleg drift. Direktør vart tilsett 1. februar og det første halvåret blei brukt til etablering av organisasjonen med system for drift, tilsetjingar, skaffe lokale samt kontakt med aktørar på felta oljevern og marin forsøpling innan offentlig forvaltning, næringsliv, forsking og ideelle organisasjonar.SOMM har vidare starta arbeidet med å etablere ein database med best tilgjengelig vitskapeleg og erfaringsbasert kunnskap og metodar for opprydding av marin forsøpling. Senteret skal også utarbeide ein systematisk oversikt over oppsamla mengder marint avfall og etablere kontakt med aktuelle fora/arenaer nasjonalt og internasjonalt i samråd med ansvarlege styresmakter. Første leveranse frå SOMM blir ei oversikt over mengder og område som blei rydda i Norge i 2018. Arbeidet vil skje i samarbeid med offentlege etatar, Hold Norge Rent og andre initiativ som har kartlagt opprydding langs Norskekysten i året som har gått. Senteret vil bruke desse erfaringane til metodeutvikling og rettleiing.SOMM skal også i 2018 leggje fram forslag til korleis det kan etablere ein arena for samhandling innafor området marin forsøpling, der ein kan arrangere kurs/seminar og utarbeide rettleiingar. Senteret skal vidare ifølgje instruksen bidra til å utvikle metodar og teknologi for opprydjing etter oljeutslepp og marin forsøpling. Senteret skal ikkje sjølv utvikle metodar og teknologi, men bidra til dette ved å være ein arena for samhandling; knytte kontaktar, rettleie og gi råd basert på beste tilgjengelige kunnskap og erfaringar nasjonalt og internasjonalt. SOMM deltar no i innovasjonsprosjektet Circular Cleanup, der ulike aktørar frå næringsliv, miljøorganisasjonar, forsking og offentleg forvalting saman i februar 2019 skal leggje fram idear for nye løysningar for å gjere opprydding meir effektiv, lønnsam og sirkulær. Dette er berre eitt døme på korleis Senteret vil bidra framover, og aktiviteten er under oppbygging. Internasjonalt har senteret meldt seg inn i Global Partnership on Marine Litter, og vil bidra i arbeidet som gjerast her. Senter for oljevern og marint miljø har no starta opp arbeidet med å greia ut etablering av testfasilitetar av oljevernteknologi på Fiskebøl. Utgreiinga vil ta utgangspunkt i hovudoppgåver til senteret innan oljevern og marin forsøpling, men vil også sjå breiare på muligheitsrommet for testfasilitetar inkludert synergiar mellom områda. Utgreiinga vil søke å belyse alle nødvendige problemstillingar, og vil involvere behovskartlegging og samarbeid med relevante brukarar.SOMM vil gjennom desse aktivitetane leggje eit kunnskapsbasert grunnlag for utvikling av teknologi, metodar og tiltak og vere ein sentral pådrivar for å oppnå nasjonale og internasjonale målsettingar i arbeidet med å førebygge og redusere marin forsøpling.