Skriftlig spørsmål fra Ivar Odnes (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2194 (2017-2018)
Innlevert: 04.09.2018
Sendt: 05.09.2018
Besvart: 13.09.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Ivar Odnes (Sp)

Spørsmål

Ivar Odnes (Sp): Vil statsråden setje i verk tiltak for å betre lønsemda i godstransporten, og kva konsekvensar ser statsråden for måloppnåinga om meir gods på bane når Cargonet no reduserer tilbodet sitt?

Begrunnelse

Førre veke melde Cargonet om redusert rutetilbod for gods på jernbana. Strekingane dette går utover er Sørlandsbanen, Dovrebanen, Bergensbanen og Nordlandsbanen. I dag kunne me lese om at selskapet seier opp omlag 50 tilsette. Det har vore stor semje på stortinget om at overføring av gods frå bane til sjø er eit viktig område. Riksrevisjonen har og kritisert måloppnåinga på dette feltet.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Regjeringa satsar på jernbanen, noko som kjem til uttrykk i utviklinga dei siste åra. I Nasjonal transportplan 2018-2029 har ein lagt opp til å nytte 327,5 mrd. kroner til jernbanen gjennom planperioden. Til trass for ei vekst i mengda gods som blir transportert med jernbanen, har togselskapa opplevd dårleg lønnsemd for containtertransporten med tog. At CargoNet gjer tilpassingar i rutetilbodet og i arbeidsstokken vitnar om at lønnsemda er utfordrande.
Samferdselsdepartementet har merka seg CargoNet si avgjerd, og vil følge utviklinga i selskapet og næringa. Samstundes er godsmarknaden open, og dei ulike operatørane driv si verksemd på eit forretningsmessig grunnlag. Regjeringa kan legge til rette for godstransport på jernbane gjennom føreseielige og gode rammevilkår.
I Nasjonal transportplan 2018-2029 er det lagt opp til ei "godspakke" på til saman 18 mrd. kroner. Godspakka inneheld ei rekke tiltak i infrastrukturen som vil styrke godstransporten. Tiltaka i godspakka tar tid å bygge ut. For å halde på, og helst auke, den nåverande godstransporten med jernbane i tråd med dei politiske måla om å overføre 30 pst. av gods på strekningar over 300 km frå veg til sjø og bane før 2029, har Samferdselsdepartementet satt ned ei arbeidsgruppe som skal vurdere moglege midlertidige støtteordningar for godstransport med jernbane. For å kunne gjøre ein heilskapleg vurdering av situasjonen for gods på jernbana, ynskjer eg å vente på arbeidsgruppa si anbefaling, som kjem i oktober, før vi konkluderer med behovet for eventuelle tiltak.