Skriftlig spørsmål fra Ivar Odnes (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2177 (2017-2018)
Innlevert: 31.08.2018
Sendt: 03.09.2018
Besvart: 11.09.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Ivar Odnes (Sp)

Spørsmål

Ivar Odnes (Sp): I avisa Gudbrandsdølen/Dagningen i dag står det at Øyertunnelen på E6 var stengt for vedlikehald frå 29.8. kl. 20 til 30.8. kl. 06. Omkjøring langs gamle E6 er stengt for modulvogntog. Alternativ rute for modulvogntog er da R3 gjennom Østerdalen, men denne vegen er nå stengt i tre veker pga. vegarbeid.
Er samferdselsministaren kjent med at transportkorridorane nord-sør da er fysisk stengt for modulvogntog i 10 timar, og vil ministeren foreta seg noe for å unngå at slikt ikke gjentar seg senere?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Mellom Kolomoen og Ulsberg skal E6 og rv 3 tene som omkøyringsvegar for kvarandre. På den måten skal vegnettet vere framkommeleg for modulvogntog når det er stengingar på den eine av desse to hovudvegane.
Statens vegvesen har rutinar for å sjekke at det er framkommeleg for modulvogntog på ein av desse vegane, eller ein lokal omkøyringsveg, når det skal gjerast vedtak om arbeidsvarslingsplanar som inneber stenging av veg.
Det var ein svikt i desse rutinane då E6 og rv 3 vart stengde på same tid den aktuelle datoen, utan å sikre omkøyringsalternativ for modulvogntog. Då dette vart oppdaga, vart det ordna med ledebil og kolonnekøyring gjennom Øyertunnelen nettene 28. – 29. august og 29. – 30. august.
I etterkant av denne hendinga er rutinane i Statens vegvesen Region øst innskjerpa for å unngå at liknande situasjonar skal oppstå att.
Mange stader vil det ikkje vere praktisk mogeleg å etablere lokale omkøyringsvegar for modulvogntog. Likevel må tunnelar på tofelts vegar slike stader tidvis stengjast for å gjennomføre nødvendig vedlikehald. Det er derfor eit mål å sikre god informasjon og planlegging, slik at konsekvensane av slike stengingar blir så låge som mogeleg.