Nils T. Bjørke (Sp): Kva vil statsråden gjere for å ta vare på ofra i alvorlege straffesaker som ikkje får handsama sakene sine på grunn av mangel på politijuristar?
Begrunnelse
Situasjonen er kritisk i fleire politidistrikt, der det er meldt frå om underbemanning, ressursmangel og stadig færre politijuristar. Dette fører til lang tid på sakshandsaming, noko som gjev strafferabatt eller i verste fall henleggjing av saker. Mellom anna er det saker der grov kriminalitet, slik som overgrep, som er avdekka.
På NRK Østlandssendingen 21.juni 2018 vart den alvorlege situasjonen omtala, og mellom anna peika på at tre juristar måtte fylle opp arbeidet til sju heimlar. Dei hadde dimed ikkje tid til å delta på møter der sakar blir prioritert etter kor alvorlege dei var.
Innan familievald og seksuelle overgrep har Øst politidistrikt totalt 28 juristheimlar, men har likevel vore underbemanna så lenge distriktet har eksistert.
Sverre Bromander, leiar for Politijuristane i Juristforbundet, varslar at situasjonen er vanskeleg i alle politidistrikta, som altså går ut over særleg dei grove sakene. Mellom anna var ingen av 150 valdtektssaker handsama inna fristen på 130 dagar, ifølgje ein tilsynsrapport frå Oslo statsadvokatembete. Dette skapar vanskar for ofra i desse sakene, som har det vanskeleg nok frå før.