Tore Storehaug (KrF): Nordland har gjennom tid tatt en stor del av skogvernet på statens eigedommar.
Korleis vil regjeringa balansere vernet mellom fylka slik at det ikkje nokre stader fører til problemet med råstofftilgang for treforbrukande industri?
Begrunnelse
Det er brei semje i Stortinget om at skogvernet må aukast. Dei siste åra har det friviljuge vernet vore ein berebjelke i skogvernet, og det må kallast svært vellukka. Det har også vore ei viktig føring at ein stor del av skogvernet skal skje på staten sine eigedommar.
Dette har slått svært sterkt ut for Nordland fylke, der ein større del av skogen er eigd at Statsskog enn i mange andre fylke.
Vi får rapportar om at verneomfanget no er så stort i Nordland at det utgjer eit vesentlig problem med råstofftilgangen for treforbrukande industri.
Verksemda Arbor AS i Hattfjelldal rapportørar om at råstofftilgangen er tydeleg påverka av at mykje skog i nærområdet deira er verna, og at dei må transportere virke over lengre avstandar til sin produksjon. Dei hevdar at dette svekkar deira konkurranseevne, og er konkurransevridande i høve til konkurrentar.
Nordland fylkeskommune har også uttrykt uro over dette.