Tone Merete Sønsterud (A): Viser til kronikk i Nationen 18. april,"Regjeringen sviktar landbruksforvaltninga ved å nekta omstillingsmiddel", skrevet at tillitsvalgte fra Akademikerene, Delta og NTL i Landsbruksdirektoratet, se vedlegg.
Hva er ministerens vurdering av påstander og spørsmål i kronikken?
Begrunnelse
Regjeringa sviktar landbruksforvaltninga ved å nekta omstillingsmiddel
Landbruksdirektoratet fekk i haust vita at me må flytta 30 stillingar til Steinkjer innan oktober 2020. Dette var eit politisk vedtak frå regjeringa, som vart gjort til tross for at det var rådd mot i Landbruks- og matdepartementet sin rapport. Me som representerer dei tilsette i direktoratet har sagt tydelig i frå, både i eit vedlegg til rapporten og i andre kanalar, om at vedtaket får store konsekvensar. Det vil både gjera at mange mistar jobben sin, og svekka norsk landbruksforvaltning i mange år framover.
No er direktoratet godt i gang med omstillingsprosessen og planlegginga av ei godt fungerande eining i Steinkjer. Alle ønskjer sjølvsagt at dette skal gå så godt som mogleg. Men ein veit frå erfaringar med liknande utflyttingar i andre etatar at eit slikt vedtak kostar mykje pengar. Ifølgje ei førebels utrekning frå leiinga i Landbruksdirektoratet vil kostnadane til sjølve overgangsprosessen koma på over 54 millionar kroner. Til no har det ikkje vorte løyvd så mykje som ei krone.
André Skjelstad frå Venstre var ein av hovudpådrivarane for flyttinga, og då me møtte han til debatt i Dagsnytt 18 i haust, poengterte me at det er viktig at Skjelstad og andre politikarar står løpet ut, for dette vil kosta. Det er nemlig ekstremt dårlig distriktspolitikk om ein skal svekka Landbruksdirektoratet utan å løyva dei midla som er naudsynt for at dette skal bli forsvarlig. Til tross for at Skjelstad og hans partifeller i Venstre har fått regjeringsmakt sidan då, er altså ingen middel satt av i statsbudsjettet til denne utlokaliseringa. Tvert om er Landbruksdirektoratet utsett for dei same avbyråkratiserings- og effektiviseringskutta som andre offentlege etatar, slik at leiinga no kuttar stillingar både i Oslo og Alta, utover dei 30 som vert flytta til Steinkjer.
Som statstilsette må me akseptera at stillingane våre kan verta endra og flytta som resultat av politiske vedtak. Det er ein del av byråkratiets natur, og sjølv om me meiner at dette politiske vedtaket er svært lite gjennomtenkt og i strid med den norske landbruksnæringa sine interesser, så gjennomfører me det så godt me kan. Men me må kunna venta at politikarane følgjer opp sine eigne vedtak med å betala kva det kostar å gjera det på ein forsvarleg måte. Med eit årleg driftsbudsjett på under 228 millionar, er det ikkje slik at Landbruksdirektoratet kan hosta opp 54 millionar til utflytting og omstilling utan at det får store konsekvensar for våre andre oppgåver. Er det intensjonen til Venstre og regjeringa at oppretting av 30 arbeidsplassar i Steinkjer skal svekka gjennomføringa av Stortingets landbrukspolitikk?
No må regjeringa ta ansvar og følgja opp eigne vedtak med naudsynte budsjettløyver. Berre slik kan politikken deira ha nokon føresetnad for å lukkast.
Ellen Ervik, Akademikerne Landbruksdirektoratet
Elin Hoel, Delta Landbruksdirektoratet
Anders Hellestveit, NTL Landbruksdirektoratet