Skriftlig spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til justis-, beredskaps- og innvandringsministeren

Dokument nr. 15:1368 (2017-2018)
Innlevert: 17.04.2018
Sendt: 18.04.2018
Besvart: 20.04.2018 av justis-, beredskaps- og innvandringsminister Tor Mikkel Wara

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Dersom sluttrapporten frå Sekretariatet for konfliktrådene skal føre til ein mogleg endringsprosess, kan statsråden gjera greie for korleis denne prosessen skal vera, kven som er endeleg beslutningstakar, om det er aktuelt å la Stortinget handsame saka og om det blir gjennomført ein høyringsrunde der involverte partar får uttale seg?

Begrunnelse

På eit tidlegare spørsmål frå underteikna til statsråden om det er planlagt omorganisering av konfliktråda, fekk eg som svar at det er eit pågåande organisasjonsarbeid i Sekretariatet for konfliktråda som skal munne ut i ein sluttrapport om kort tid/i desse dagar. Statsråden svarte at han ser fram til å lesa rapporten og vurdere anbefalingane som ligg i denne, men det kom ikkje fram kva slags behandlingsmåte det blir i denne saka framover. Det er mange ulike aktørar som er involverte i konfliktråda sitt arbeid og som vil kunne stille med erfaringsbaserte meiningar om kva som er rett og gale å gjera med organiseringa til konfliktråda. Eg er oppteken av at prosessen vidare legg til rette for at kommunar og andre får høve til å bli høyrte. Det er viktig å få ei avklåring på kven som skal ta avgjerd i saka og om det blir gjennomført ein høyringsrunde. Det er verdt å minne om at konfliktråda følgjer opp sårbare ungdommar som har behov for tett oppfølging frå konfliktrådet og frå teamet rundt ungdommen.

I ein rapport som Deloitte laga for å evaluere konfliktråda i 2012, står følgjande under «generelle observasjoner og hovedinntrykk»:

- Konfliktrådet fremstår som en velfungerende instans for å tilrettelegge meglingsmøter, der 90 % av partene som har deltatt i Konfliktråd vil anbefale ordningen til andre (ifølge Konfliktrådets brukerundersøkelse).

- Den geografiske spredningen av lokalkontorene blir i evalueringen fremhevet som et suksesskriterium for de lokale kontorene ved at de har mulighet for lokal forankring, tilpasninger til lokale betingelser og nærhet til parter og samarbeidspartnere.

Tor Mikkel Wara (FrP)

Svar

Tor Mikkel Wara: Justis- og beredskapsdepartementet mottok for få dager siden rapporten fra Sekretariatet for konfliktrådene med anbefalinger om en ny organisasjonsstruktur. Rapporten er nå til behandling i departementet. Foreløpig er det ikke tatt noen beslutninger om fremtidig organisering, eller den videre prosessen.