Skriftlig spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til kunnskaps- og integreringsministeren

Dokument nr. 15:1336 (2017-2018)
Innlevert: 12.04.2018
Sendt: 13.04.2018
Besvart: 20.04.2018 av kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Kva er status for vedtak 67, Dokument 8:116 S ( 2015-2016), der Stortinget ba regjeringa utgreie ei endring av opplæringslova §2-5 og andre mulige tiltak som kan sikre elevar på ungdomsskulen rett til opplæring på hovudmålet og rett til å høyre til ei eiga målformgruppe, og kor tid vil regjeringa følgje opp vedtaket om å kome tilbake til Stortinget på egna måte i denne saka?

Begrunnelse

Viser til innstilling 68 S( 2016-2017)i saka om å sikra alle elevar i grunnskulen rett til opplæring på hovudmålet sitt ( Odda-modellen).

Jan Tore Sanner (H)

Svar

Jan Tore Sanner: Språk er nøkkelen til like mogelegheiter i skolen og i samfunnet. Bokmål og nynorsk er jamstilte skriftlege målformer i Noreg, og språkleg mangfald er ein kulturell ressurs for samfunnet og for elevane.
Som regjeringa skriv i si politiske plattform, vil vi sikre gode bruks- og opplæringsvilkår for dei offisielle språka i Noreg, og dei to jamstilte målformene i norsk.
Saka om å sikre alle elevar i grunnskolen rett til opplæring på hovudmålet sitt, er under utgreiing. Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag å berekne dei økonomiske konsekvensane av å endre opplæringslova §2-5 fjerde ledd til å gjelde heile grunnskolen, slik at også elevar på ungdomssteget skal ha rett til å høyre til ei eiga målformgruppe. Eg tar sikte på gjere greie for oppfølginga i budsjettproposisjonen for 2019.