Skriftlig spørsmål fra Marit Knutsdatter Strand (Sp) til kunnskaps- og integreringsministeren

Dokument nr. 15:1225 (2017-2018)
Innlevert: 22.03.2018
Sendt: 22.03.2018
Besvart: 05.04.2018 av kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner

Marit Knutsdatter Strand (Sp)

Spørsmål

Marit Knutsdatter Strand (Sp): Tidlegare fekk studentar med lang reiseveg reisestipend for å koma seg mellom heim og studiestad ved studiestart og studieavslutning. Med opptrapping til 11 månaders studiestøtte, vart reisestipendet fjerna. Dette gjer at alle får like mykje, uavhengig av reiseveg og kva dei treng. Dette inneber ei økonomisk ulempe for dei som bur i mindre urbane strøk og med høgare reisekostnadar.
Kva tenkjer statsråden å gjere for å betre vilkåra for dei som studerer med lang reiseveg?

Jan Tore Sanner (H)

Svar

Jan Tore Sanner: Stortinget vedtok å avvikle stipend til reiser mellom heimstad og lærestad for studentar frå og med studieåret 2017-2018. Ordninga skulle syte for at dei studentane som var under 25 år og som hadde lang reiseveg frå bustaden til studiestaden, skulle få tilskott til to reiser tur-retur i året for å dra heim.
På det tidspunktet ordninga blei avvikla, var ho ei ordning for dei med svært lange reiseavstandar. Berre sju prosent av mottakarane av støtte hadde rett til stipend til reiser, og for å få utbetalt slikt tilskott måtte avstanden mellom heimstad og lærestad vere på over 600 km. Fleirtalet av mottakarane av reisestipendet fekk små beløp. Lånekassen har heilt frå starten på verksemda i 1947 gitt tilskott til lange reiser. Den gongen og i tiåra framover måtte mange reise langt for å ta utdanning. Seinare har utdanningstilbodet blitt utvikla over heile landet slik at ingen treng reise svært langt for å ta høgre utdanning. Regjeringa meinte difor at behovet for å ha eit reisestipend ikkje lengre var like stort.
Regjeringa prioriterer betre studentøkonomi gjennom opptrappinga til elleve månaders støtte. Slik vil alle studentar i høgre utdanning og fagskole som tar utdanning på heiltid få det betre i eksamensperioden på våren.