Kjersti Toppe (Sp): Vil regjeringa som ein del av ny ruspolitikk revurdere sitt syn på eigenandelar i helsevesenet for personar med sterk rusavhengighet, slik at ein kan få til same ordning som til dømes Portugal praktiserer der helsehjelp for rusavhengige er gratis?
Begrunnelse
Viser til den varsla rusreforma frå regjeringa, der ein vil flytte oppfølginga av rusavhengige frå justis til helsevesenet. Statsråden har ved tidlegare høve argument mot å ta vekk eigenandelar for helsehjelp til personar med sterk rusavhengigheit, og regjeringsparti har i førre stortingsperiode stemt mot Senterpartiets forslag om dette i Stortinget.