Geir Pollestad (Sp): Kan statsråden vise vedtaket i Stortinget om å innføre «dødsgebyret»?
Begrunnelse
«Dødsgebyr» er nytta som nemning for gebyr for skifteattest, uskifteattest og fullmakt. Regjeringa legg opp til å hente inn kring 40 millionar kroner frå innkrevjing frå pålegg av 35 000 slike nye gebyr årleg.
I eit innlegg i avisa Nationen skriv statsråden:
«Det nye gebyret for skifteattest ble vedtatt i statsbudsjettet høsten 2017, altså lenge før jeg ble justisminister.»
Det er så vidt eg ser ikkje spor av eit slik vedtak i statsbudsjettet.
Det er og underleg at departementet sender på høyring eit framlegg om å innføra ei avgift om det er slik at Stortinget alt har vedteke den. Like vanskeleg er det å forstå kvifor departementet ikkje i det heile har omtala vedtaket i sitt høyringsdokument.
Statsråden hevda i stortinget at Senterpartiet hadde røysta for gebyret. Det er grunn til å gjera merksam på at rammeområde 5 (justis) er vedteke med røystene til H, Frp, V og KrF. Her kan det sjå ut som statsråden har gjeve ukorrekt informasjon til Stortinget. Det bør i så fall rettast opp att.