Knut Arild Hareide (KrF): I Helfos tilråding til ny kontorstruktur er kontorstadane Kirkenes, Lenvik, Harstad, Beiarn, Nærøy, Verdal, Gloppen, Bergen, Voss, Kristiansand, Risør, Kongsberg, Eidsvoll, Vågå og Oslo foreslått nedlagt.
Korleis ser regjeringa på Helfo si tilråding, og vil regjeringa òg vektlegge andre og meir overordna omsyn når ny kontorstruktur skal avgjerast, som behovet for politikk som motverkar sentralisering, og viktigheita av statlege arbeidsplassar i ei rekke kommunar, særleg dei kommunane som ikkje er størst og mest sentrale?
Begrunnelse
Eit mantra i digitaliseringsarbeidet har vore at det opnar for desentralisering. Med eit velfungerande digitalt nett og digital kompetanse har det blitt lagt til rette for at ein kan jobbe kor som helst, og at arbeidsplassane kan ligge i ulike delar av landet. Det betyr for eksempel at kompetansemiljø kan etablerast sjølv på mindre plassar.
Denne argumentasjonen er kanskje spesielt interessant med tanke på eksempelet Voss, der Helfo no føreslår å legge ned sitt kontor. For Voss vil det vere særs uheldig å tape 14 statlege arbeidsplassar. Voss har ikkje eit problem med rekruttering, og det vert frå kommunen si side peika på at ein i regionen har store kompetansemiljø innan ei rekke felt. Dessutan er Voss ein del av Bergensregionen, med stor inn- og utpendling. Ein kan trygt hevde at Bergensregionen er ein velfungerande arbeidsmarknad som Helfo og andre statlege aktørar vil kunne ha stor nytte av framover.
Når vi i tillegg veit at Helfo Voss har vore i front i digitaliseringsarbeidet i Helfo, og har vist seg omstillingsdyktige gjennom å vere pilotkontor og levering av gode resultat, er det spesielt vanskeleg å forstå grunngjevinga bak nedlegginga av slike kontor.
Vi veit også at Helfo-kontora ikkje har kundemottak og derfor kan ligge kor som helst.