Skriftlig spørsmål fra Ivar Odnes (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:513 (2017-2018)
Innlevert: 11.12.2017
Sendt: 12.12.2017
Besvart: 19.12.2017 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Ivar Odnes (Sp)

Spørsmål

Ivar Odnes (Sp): For både rv 15 Strynefjellet og rv 4 Jaren - Mjøsbrua/Gjøvikbana er det sett i gong arbeid med KS 1 rapport.
Det er lenge sidan dette arbeidet starta, kan statsråden no informere om når rapportane for desse prosjekta er klare?

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Ekstern kvalitetssikring KS1 av Jaren (Oslo) – Gjøvik – Moelv, dvs. rv 4 og Gjøvikbanen, blei formelt starta opp i februar 2017. Det var opphavleg lagt opp til at kvalitetssikringa skulle vera ferdig i oktober 2017.
Undervegs i arbeidet med kvalitetssikringa har det mellom anna kome opp spørsmål om det bør utgreiast fleire konsept enn det som er lagt til grunn i konseptvalutgreiinga (KVU). Samferdselsdepartementet og Finansdepartementet arbeider no med å vurdere om det skal utgreiast fleire konsept. Så snart departementa har avklara spørsmålet vil kvalitetssikringa gå vidare, og med sikte på å få fram ein endeleg rapport så snart som mogleg.
Rapport etter ekstern kvalitetssikring for rv 15 over Strynefjellet vil foreligge tidleg på nyåret 2018. Kvalitetssikringa er no på veg til å bli avslutta.