Skriftlig spørsmål fra Sigrid Simensen Ilsøy (Sp) til finansministeren

Dokument nr. 15:146 (2017-2018)
Innlevert: 30.10.2017
Sendt: 30.10.2017
Besvart: 06.11.2017 av finansminister Siv Jensen

Sigrid Simensen Ilsøy (Sp)

Spørsmål

Sigrid Simensen Ilsøy (Sp): Kan statsråden synleggjera gjennomsnittleg og median utlikna skatt i aldersgruppene 25-62 år for åra 2000-2016 for i) registrert busette i Norge, ii) befolkninga eksl. innvandrarar, iii) innvandrarar frå Norden, iv) innvandrarar frå Vest-Europa utanom Norden og Tyrkia, v) innvandrarar frå EU-land i Aust-Europa, vii) innvandrarar frå Nord-Amerika og Oseania, viii) innvandrarar frå Asia, ix) innvandrarar frå Afrika, x) innvandrarar frå Sør- og Mellom-Amerika og xi) innvandrarar frå Noregs ti største innvandrarland?

Siv Jensen (FrP)

Svar

Siv Jensen: Finansdepartementet har bestilt tal frå Statistisk sentralbyrå over gjennomsnittleg og median utlikna skatt fordelt etter dei befolkningsgruppene som det er spurt om. Tala frå SSB er vedlagt i excel-fil. Ver merksam på at gruppa «Innvandrarar» er personar som er fødde i utlandet og omfattar ikkje norskfødde med innvandrarforeldre.

Lenke til tabell i excel-format