Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til finansministeren

Dokument nr. 15:115 (2017-2018)
Innlevert: 25.10.2017
Sendt: 25.10.2017
Besvart: 01.11.2017 av finansminister Siv Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Er statsråden komfortabel med at det no kan førekome tvil rundt om medarbeidarar i Noregs nasjonale statistikkbyrå vert straffa for ikkje å dele leiinga sitt syn i faglege spørsmål?

Begrunnelse

Det vart i går meldt at ein kjend forskar vert fjerna frå stillinga si hjå SSB. Kunngjeringa kjem etter at det i ei tid har vore usemje mellom denne forskaren og leiinga om det faglege strategivalet til etaten, mellom anna relatert til val av statistiske modellar (bl.a. Dag og Tid, 27. januar 2017). Forskaren og fleire andre toppforskarar har ropt varsku om at SSB-leiinga sitt omorganiseringshastverk kan føre til at viktige statistiske modellar tilpassa det norske samfunnet går tapt (bl.a. Aftenposten, 19. april 2017). Den offisielle grunngjevinga for fjerninga av forskaren er at han har få eller ingen publiseringar på høgt fagleg nivå. For dei av oss som kjenner SSBs strategidokument der det mellom anna vert heva fram at byrået skal produsere «relevant forskning og analyse», er det ikkje til å unngå at ein stussar over at ei slik grunngjeving vert nytta. Den aktuelle forskaren har nemleg utmerkt seg nettopp gjennom å produsere «relevant forskning og analyse». Publiseringane hans har faktisk vore så relevante at han som éin av svært få har skapt seg eit namn gjennom jobben i SSB. At eit byråkratisk tellekantsystem skal vektast tyngre enn oppfylling av SSB sin eigen strategi kan vere vanskeleg å forstå.
Akademisk fridom er ein viktig norsk verdi. Meiningsbryting er positivt og bidreg til utvikling og ny kunnskap. Det er ikkje til å undrast over at mange leiarar vert freista til å fjerne opposisjon og motstand. Det er meir komfortabelt slik. Men kloke leiarar veit at det er nettopp dei avvikande syna og dei sterke røystene som skaper ny kunnskap og utvikling. Kunnskap og fagleg usemje skal dyrkast fram – ikkje gøymast bort eller kjempast ned. Leiinga i SSB har tidlegare sagt at dei eigentleg ikkje ynskjer den kunnskapen som forskaren har forska fram. Leiinga har også sagt at det er hennar oppgåve å avgrense kva statistikk og informasjon politikarar og folkevalde skal få tilgang til, m.a. i Dagens Næringsliv, 23. mars 2017. Når personar som har eit anna syn enn leiinga vert fjerna under ei bekvemmeleg grunngjeving, er det noko som bør takast på høgste alvor – særleg på det bakteppet som eksisterer i SSB. Eg ber statsråden kommentere om ho er komfortabel med at leiinga i Noregs mektigaste statistikkbyrå ser på det som oppgåva si å hindre at nokon typar kunnskap vert produsert og at det no er tvil rundt om medarbeidarar vert straffa for ikkje å dele leiinga sitt syn i faglege spørsmål.

Siv Jensen (FrP)

Svar

Siv Jensen: Statistisk sentralbyrås (SSBs) oppgaver og samfunnsoppdrag følger av statistikkloven. Her fremgår det blant annet at SSB skal produsere statistikk og analyser av viktighet for det norske samfunnet, med så høy kvalitet og så effektivt som mulig.
SSB har selv igangsatt et arbeid for å modernisere statistikkproduksjonen og styrke den faglige standarden på egen forskning. Som en del av dette arbeidet har administrerende direktør foreslått flere organisatoriske endringer i virksomheten. Bemanningen i forsknings-avdelingen foreslås redusert, gjennom en overflytting av medarbeidere til statistikkavdelingene.
SSB har orientert departementet om prosessen gjennom den ordinære styringsdialogen. Departementet har i denne dialogen understreket at SSB må ivareta sitt viktige samfunnsoppdrag. Det innebærer leveranser til ulike departement, til Stortinget, til partene i arbeidslivet og til samfunnet generelt. Dette er i tråd med tildelingsbrevet til SSB for 2017, der det bl.a. heter at «Forskningsavdelingen i SSB bør konsentrere seg om økonomiske problemstillinger, herunder modellbaserte analyser av norsk økonomi. Enkeltstående prosjekter som ikke bygger opp under SSBs forskningsmessige kjerneoppgaver, bør prioriteres ned.»
I Finansdepartementets fagproposisjon for 2018 (Prop. 1 S (2017-2018)) understrekes det at SSBs arbeid med konjunkturanalyser, utvikling og vedlikehold av økonomiske og demografiske modeller og oppgaver for forvaltningen og Stortinget skal videreføres.
Jeg er svært opptatt av at SSB fortsatt skal være en troverdig leverandør av viktige statistikker og analyser om det norske samfunnet og samfunnsutviklingen. Jeg har registrert at flere har uttrykt bekymring knyttet til den pågående omorganiseringen i SSB. For å forsikre meg om at SSB fortsatt kan levere god, relevant og uavhengig statistikk og analyser til den norske samfunnsdebatten hadde jeg mandag 30. oktober et møte med administrerende direktør Meyer for å få en nærmere orientering om situasjonen. Jeg har invitert Meyer til et nytt møte i neste uke.