Gunvor Eldegard (A): Meiner statsråden at det vil forsinka opninga av beredsskapssenteret om det skulle bli redusert i omfang, og kan statsråden bekrefta at det ikkje vil bli øvingsaktivitet med helikopter ved det planlagte senteret?
Begrunnelse
I svaret frå Justis- og beredskapsministeren på skriftleg spørsmål fra undertegna besvart 23.juni 2017 peikar statsråden på at beredskapssenteret vil kunne forsinkast med fleire år dersom føresetnadene for gjennomførig vert endra. Justis- og beredskapsministeren vektlegg fleire gonger i sitt svar betydninga av samtrening hjå beredskapsaktørane, noko det er tverrpolitisk enigheit om at er viktig for å styrka beredskapen. Svaret frå statsråden skapar uklarheit knytta til om det og skal trenast med helikopter på det planlagte beredskapssenteret på Taraldrud. Det trengs derfor ei avklaring knytta til at statsråden omtalar helikoptertjenesta på ein måte i svaret som kan forstås slik at det skal trenast med helikopter på det planlagte beredskapssenteret. Det vil i så fall væra i strid med kva som står i Planbeskrivelsen som har vore ute på høyring. Under kapittel 6.1 Sammendrag av konsekvensar side 48, står det: «Helikopterflyging vil foregå som oppdrag, ikke som øvelse.»