Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:1127 (2016-2017)
Innlevert: 16.05.2017
Sendt: 18.05.2017
Besvart: 31.05.2017 av forsvarsminister Ine Eriksen Søreide

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden stadfeste at etter som Stortinget i Innst. 62 S (2016–2017) vedtok at Andøya flystasjon skal leggjast ned (alternativ 1), betyr dette at Forsvaret ikkje vidarefører naudsynt infrastruktur for eigne eller allierte operasjoner i krise og væpna konflikt, og kan statsråden klargjere kva som er estimert kostnad for sanering av Andøya flystasjon?

Begrunnelse

Avtroppande leiar for Andøy Høgre, Yngve Laukslett, åtvarar i Vestrålen Online 15. mai sterkt mot konsekvensane av Langtidsplanen for Forsvaret (LTP) og konsekvensane av at Stortinget la ned Andøya flystasjon.
Laukslett skriv mellom anna følgjande:

«Når Høyre og Frp, med AP sin velsignelse, vedtok å legge ned Andøya flystasjon som operativ base og flytte de maritime patruljeflyene til Evenes, gav man også opp ambisjonen å forsvare den nordlige landsdelen i en krigssituasjon.
Dette er selvfølgelig ikke uttrykt eksplisitt, men konsekvensen av vedtaket er så åpenbar implisitt; Evenes flystasjon evner ikke å understøtte kampflyoperasjoner og samtidig fylle sin viktige og naturlige rolle i en mobiliseringsfase. Evenes skal tross alt motta og handle store, plasskrevende strategiske transportfly (C-5 Galaxy, C-141 Globemaster o.l.).»

I Prop. 151 S (2015 – 2016) skriv regjeringa følgjande om alternativ 4 og 5 for vidareføring av beredskapsbasar:

«Å beholde en base som beredskapsbase innebærer at Forsvaret viderefører nødvendig infrastruktur for egne og eller allierte operasjoner i krise og væpnet konflikt, uten at norske avdelinger er stasjonert der i fredstid.»

Ine Eriksen Søreide (H)

Svar

Ine Eriksen Søreide: Eg viser til brev frå Stortinget sin president av 18. mai 2017 med spørsmål frå stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete om Andøya flystasjon.
Andøya er ikkje definert som avløysingsflyplass for Forsvaret. Det er like fullt i samfunnet si interesse at flyplassen på Andøya vidareførast saman med naudsynte fasilitetar for vidare drift av Andøya Test Center, jfr. Også merknader frå komiteen i Innst. 62 S (2016-2017). Flyplassen vil også i ein totalforsvarssamanheng kunne brukast for mottak av allierte på same måte som andre ikkje-militære flyplassar.
Eigedomen knytt til Andøya flystasjon er planlagt avhenda. Det vil bli inngjerding av bygningar som Forsvaret framleis skal nytte på Andøya. Detaljane i dette kjem regjeringa attende til, men det er på det reine at dette vil ha eit relativt lite omfang, og ikkje vere til hinder for utvikling av anna aktivitet. Forsvaret har fleire slike stasjonar andre stader i landet og erfaring med å etablere sikringa som krevjast.
Estimerte oppryddingskostnadar når Andøya avhendast er på omlag 70 MNOK. I langtidsplanen for Forsvaret er kostnadene ved å byggje ut Evenes berekna til 3,5 milliardar kroner. Slik det nettopp er omtalt i RNB er det ikkje kome fram noko som skulle tyde på at oppbygginga på Evenes ikkje kan realiserast innanfor dette estimatet.