Hadia Tajik (A): Vil statsråden gjennomgå straffelova § 315 om hallikverksemd for å sjå nærare på om den verkar etter intensjonane, om den rammar personar i prostitusjon på ein upårekna måte, og er statsråden villig til å vurdera ei justering av straffelovas § 315 for å styrka tryggleiken til kvinner i prostitusjon?
Begrunnelse
Straffelova § 315 om hallikverksemd kriminaliserar den som a) “fremmer andres prostitusjon, eller” b) “leier ut lokaler og forstår at lokalene skal brukes til prostitusjon eller utviser grov uaktsomhet i så måte”. Pro Senteret og Kirkens Bymisjon er uro over at bestemmelsen bidrar til at personar i prostitusjon blir meir utrygge. Dei fortel om at kvinner ofte tvingast til å gå inn på dyre husleieavtalar med dårlege huseigarar og at dei alltid må føla på ei uro for å bli kasta ut og sette på gata.