Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:887 (2016-2017)
Innlevert: 22.03.2017
Sendt: 23.03.2017
Besvart: 31.03.2017 av forsvarsminister Ine Eriksen Søreide

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Når vil regjeringa kome til Stortinget med vidare informasjon om NATOs rakettskjold?

Begrunnelse

Regjeringa har sett ned ei ekspertgruppe som skal vurdere kva Noreg kan bidra med i Natos missilforsvar. Klassekampen skriv onsdag 22. mars at gruppa i følgje Forsvarsdepartementet skal kome med en konklusjon «innen utgangen av 2017».

Ine Eriksen Søreide (H)

Svar

Ine Eriksen Søreide: Når vil regjeringa kome til Stortinget med vidare informasjon om NATOs rakettskjold?
Spreiinga av ballistiske missil er ein alvorleg og aukande trussel som NATO står overfor. For å styrke alliansen sin evne til kollektivt forsvar vedtok NATO på toppmøtet i Lisboa i 2010 å utvikle ein missilforsvarskapabilitet. Denne skal beskytte europeisk alliert befolkning, territorium og militære styrkar mot ballistiske missilar som kan komme frå land utanfor det euro-atlantiske området. Noreg, ved den førre regjeringa, slutta seg til dette vedtaket med full støtte i Stortinget.
Gjennom fellesfinansiering utviklar NATO kommando- og kontrollsystemet for missilforsvaret. Utover dette må allierte på frivillig basis tilby relevante militære kapasitetar. USA står for størstedelen av bidraga til alliansen sitt missilforsvar, og enkelte allierte har vedteke å skaffe eigne sensorar og/eller våpensystem. Andre land, som Noreg, greier ut og vurderer eventuelle framtidige bidrag. Det er altså ikkje teke ei avgjerd om, og eventuelt med kva, Noreg kan bidra med.
Forut for NATO sitt toppmøte i Wales i 2014 informerte regjeringa Stortinget sine organ om at vi saman med USA ville gjere ein arkitekturstudie for å kartlegge mulige norske bidrag til NATO sitt missilforsvar. Denne analysen vil vere klar i slutten av 2017. Vidare må departementet gjere supplerande studiar, m.a. for å tilfredsstille reglane i utgreiingsinstruksen. Regjeringa vil gjere ei samla vurdering av saka fram mot midten av 2018. Dersom regjeringa vel å gå vidare med saka etter at studiane er ferdigstilte, vil spørsmålet kunne bli inkludert i forsvarssjefen sitt militærfaglege råd forut for
neste langtidsplan for forsvarssektoren. Dersom regjeringa kjem til at Noreg skal ha bidrag til NATO sitt missilforsvar, vil regjeringa leggje saka fram for Stortinget for handsaming på vanleg måte.