Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:810 (2016-2017) Innlevert: 10.03.2017 Sendt: 13.03.2017 Rette vedkommende: Utenriksministeren Besvart: 23.03.2017 av utenriksminister Børge Brende
Liv Signe Navarsete (Sp): Kva vil vere Storbritannia si status i WTO når landet formelt har trådd ut av EU, har Noreg krav på kompensasjonsforhandlingar ifølgje WTO-regelverket i den grad vilkåra for norsk eksport til Storbritannia blir svekka?
Børge Brende: Storbritannia er medlem av Verdshandelsorganisasjonen (WTO), både som enkeltmedlem og gjennom tollunionen EU. Når Storbritannia går ut av EU, vil landet bli verande i WTO som enkeltmedlem og framleis ha dei rettane og pliktene som følgjer av avtaleverket til WTO. Storbritannia vil likevel måtte avklare bindingslistene sine, som til dømes gjeld konkrete tollsatsar og tenesteforpliktingar, med dei andre medlemmene i WTO. I dag har EU felles bindingslister. Foreløpige signal frå Storbritannia tyder på at landet i all hovudsak kjem til å føre desse vidare som sine bindingslister. Krav om kompensasjon blir aktuelt berre dersom ein medlem reviderer bindingslistene sine i WTO i ei meir handelsrestriktiv retning. Vi har ingen indikasjonar på at Storbritannia planlegg dette. WTO-regelverket vernar ikkje dei rettane som følgjer av andre avtalar, som til dømes EØS-avtalen.