Skriftlig spørsmål fra Ivar Odnes (Sp) til kommunal- og moderniseringsministeren

Dokument nr. 15:600 (2016-2017)
Innlevert: 02.02.2017
Sendt: 03.02.2017
Rette vedkommende: Innvandrings- og integreringsministeren
Besvart: 08.02.2017 av innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug

Ivar Odnes (Sp)

Spørsmål

Ivar Odnes (Sp): 13. oktober 2015 vart kommunane invitert av statsministaren til ein dugnad for å busetja fleire flyktningar. Einsleg mindreårige asylsøkjarar(EMA), var ei gruppe som hadde eit særleg behov. Mange kommunar har tatt ansvar og ansatt personale og etablert lokalar. Skjåk kommune har ein utgift på kr 500 000 pr. månad, og venter fortsatt på tildeling. Dette er utgifter kommunane sjølve må dekke uavhengig av tildeling.
Vil staten kompensere kommunane for desse utgiftene?

Begrunnelse

Fleire kommunar rundt om i landet har nå fått store utfordringar, grunna at dei har stilt opp til dugnad for å ta i mot blant anna einsleg mindreårige asylsøkjarar. Ifølgje tal som KS i Hedmark og Oppland har fått inn for 2017, så har enkeltkommunar, som Hamar; med opp til 4 mill. kr i udekka kostnader for 2017, Skjåk 6 mill. kr og Åmot 5,2 mill. kr. Det er også fleire kommunar som er i same situasjon. Nokon har fått tidlege signaler frå IMDI og ikkje iverksetje tilsetjingar, men har gjerne kjøp/leigd tilpassa bustad. Andre har ikkje motteke noko varsel og i god tru både ordna bustad og tilsatt. Det vil ta tid å avvikle dette slik at delar av årskostnad vil kunne bli redusert.

Sylvi Listhaug (FrP)

Svar

Sylvi Listhaug: Spørsmålet er retta til kommunal- og regionalministeren. Det er integrerings- og inkluderingsministeren som har ansvar for busetting av flyktningar, så difor er det eg som svarar på dette spørsmålet.
Kommunane gjer ein prisverdig innsats i arbeidet med busetting av flyktningar. I 2016 busette dei over 15 000 flyktningar. Av dei var over 1 500 einslege mindreårige. Det er fleire enn nokon gong.
Behovet for busetting av flyktningar i kommunane varierer i takt med kor mange som får opphald i Noreg etter søknad om asyl. I 2015 kom om lag 31 000 asylsøkjarar. Av dei var om lag 5 000 einslege mindreårige. På bakgrunn av prognosar for innvilging av opphaldsløyve, vart kommunane oppmoda om å førebu seg på busetting av fleire flyktningar enn tidlegare. I 2016 kom det om lag 3 500 asylsøkjarar, av dei var 320 einslege mindreårige. Prognosar for busetting vil alltid vere usikre. 2015 og 2016 viser kor store variasjonar det kan være frå eit år til eit anna. Det er og usikkert kor stort behovet for busetting vil bli i åra som kjem. Både kommunane og staten må, så langt det let seg gjere, planlegge for at busettingsbehovet vil variere.
Kommunane får integreringstilskot for alle flyktningar dei busett. Tilskotet er innretta med tanke på at kommunane og har utgifter til planlegging og tilrettelegging før busetting. I tillegg får dei eit særskilt tilskot for kvar einslege mindreårige flyktning, og tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap. I regjeringa er vi kjent med at nokre kommunar har hatt utgifter til førebuing av busetting av einslige mindreårige flyktningar som likevel ikkje vart busett i kommunen. Utgiftene varierer mellom kommunane det gjeld. Eg har forståing for at situasjonen kan vere krevjande for desse kommunane.
Regjeringa varsla i Prop. 30 S (2016–2017) Endringar i statsbudsjettet 2016 under Justis- og beredskapsdepartementet at den vil vurdere nærmare desse kommunane sine kostnader knytt til førebuing av busetting av einslege mindreårige flyktningar, og vil kome tilbake til dette i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2017.