Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til fiskeriministeren

Dokument nr. 15:218 (2016-2017)
Innlevert: 11.11.2016
Sendt: 11.11.2016
Besvart: 17.11.2016 av fiskeriminister Per Sandberg

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Kor mange journalføringer må fiskeribedriftene gjera når landingsforskrifta vert iverksett frå 1. januar 2017?

Begrunnelse

Det er ynskjeleg at fiskeriministeren mellom anna viser dette ved å svare kor det skal journalførast og kva som skal førast ut frå fylgjande forenkla døme:
Fisker A har fiska tre torsk og to lyr. Fisker B har fiska ti torsk og fem sei. Dei leverer fisken samstundes til mottak/bedrift C.
Bedrift C tek fisken inn i bedriften og kapper hovudet av fisken. Fisken vert så sett på kjølelager. Neste dag vert fisken teken ut av lager og kjørt gjennom filetmaskinen. Fileten vert så sett på lager før halvparten vert henta av bil D etter ein time. Resten vert henta av ein ny bil to timar seinare.

Per Sandberg (FrP)

Svar

Per Sandberg: Prosessen med å utarbeide ny landings- og sluttsetelforskrift

Ei av dei viktigaste oppgåvene mine som fiskeriminister er å forvalte fellesskapet sine ressursar til beste for fellesskapet, og landings- og sluttsetelforskrifta er eitt av fleire verkty departementet brukar når vi skal forvalte ressursane på ein berekraftig måte. Eg vil difor fyrst gjere greie for prosessen knytt til innføring av landingsforskrifta, før eg går inn på dei konkrete journalføringskrava til bedriftene.

Om behovet for og formålet med ny landingsforskrift

I 2010 blei forslag til ny forskrift om landings- og sluttsetel sendt på høyring. Forslaget var i hovudsak ei vidareføring av gjeldande forskrift, men innebar i tillegg ei utviding av opplysningspliktene for aktørar både på sjø- og landsida. Det var også forslag om ytterlegare reglar om krav til vekter og veging.
Målet med ei ny forskrift var å hjelpe til med meir korrekt registrering av hausta kvantum, samt sørgje for at ein får fleire kontrollpunkt lenger ut gjennom eit fiskemottak sin produksjonsprosess og med dette sikre eit heilskapleg og korrekt bilete av ressursuttaket.
Dei krava som blir stilte til veging etc. gjennom produksjonsprosessen skal sikre grunnlaget for å samanlikne det kvantumet som blir selt ut av eit fiskemottak med det som blir registrert som kjøpt inn til bedrifta. Ved å innføre fleire vege- eller målepunkt gjennom verdikjeda førebyggjer ein at ulovleg omsett fisk kjem inn i verdikjeda på eit seinare tidspunkt, det vil seie etter at innveging av fangsten er utførd ved landing.
Arbeidet med ny forskrift blei langvarig og omfattande, og saka blei grundig behandla både gjennom høyring, høyringsmøte og dialog med næringa sine organisasjonar.
I byrjinga av 2014 laga NRK eit Brennpunkt-program som fokuserte på det store påståtte uregistrerte fisket som det blei hevda skal ha skjedd vinteren 2013 og vinteren 2014. Påstandane blei seinare underbygde av ein rapport gjennomført av Nofima som utførde spørjeundersøkingar retta mot fiskebåtreiarar, fiskarar og fiskekjøparar. Rapporten synte mellom anna at om lag 40 % av fiskarane svarde at dei sjølv juksar. Vidare hevda 40 % av dei spurte i studien at juks er akseptert blant næringsaktørane.
Norsk sjømatindustri leverer fisk til om lag 150 land over heile verda, og ein slik rykteflaum kan vere direkte øydeleggjande og føre til store økonomiske konsekvensar. Departementet såg seg nøydd til å innkalle næringa til eit møte der problemstillingane blei diskuterte. Fleire tiltak/forslag til løysingar blei diskuterte, og det var stor semje om at eitt av dei viktigaste førebyggjande tiltaka var å få revidert landingsforskrifta og utarbeidd rettleiarar til næringa.
I kjølvatnet av den interne uroa i Noreg blei departementet kontakta av DG Mare (Directorate-General for Maritime Affairs and Fisheries) i EU-kommisjonen. Kommisjonen stilte spørsmål ved om norske styresmakter kunne vere sikre på at norsk fisk som blir eksporterte til EU var lovleg fiska og registrert, og korleis norske styresmakter ville dokumentere dette. I tilsvaret til EU understreka departementet at vi er vårt ansvar svært medviten, og det blei lista opp ei rekkje tiltak som var implementert eller som ville bli implementert i nærmaste framtid.

Nokre av tiltaka som blei spesielt nemnd var
-Ei firedobling av landingskontrollane i torskefisket vinteren 2014
-Nye tiltak mot IUU-fiske presenterte for næringa
-Møte med statsadvokaten kor departementet tilbyr stønaden sin
-Styrking av FFA (Fiskerinæringens felles analysenettverk)
-Ny landings- og sluttsetelforskrift
-Elektronisk rapportering for farty mindre enn 15 meter (kystfiskeappen)

I tillegg peikte departementet på den rolla norske styresmakter speler i internasjonal kontrollsamanheng gjennom utvikling av eit globalt fangstsertifikat som det no blir arbeidt med i FAO.
Forskrifta blei vedteken i mai 2014, og implementert frå 1. januar 2015.
Om forskrifta (rettleiarar og dispensasjonstilgjenge):
Fiskeridirektoratet kan i ein overgangsperiode på inntil to år gi dispensasjon frå enkelte vilkår i §§ 16 (Journalkravet) og 17 (Krav til adskillelse og merking). Det vil seie at forskrifta trer i kraft for alle frå 1. januar 2017.

For å sikre ei god implementering er det publisert to rettleiarar:
-Krav til vekter ved landing av fisk
-Krav til journal

Formålet med desse er å beskrive nærare kva forventningar styresmaktene har til næringa, og næringa sine organisasjonar har vore med i utforminga av desse.
Næringa sine organisasjonar har hatt ei rekkje innvendingar mot krav som blir stilte i den nye landingsforskrifta og til det som står i rettleiarane. Sjømat Norge (SN) har ved fleire høve gitt uttrykk for at fleire av krava i forskrifta legg opp til omfattande meirkostnader for bedriftene som ikkje står i eit rimeleg forhold til styresmaktene sin kontrollgevinst. Det har derfor vore nødvendig med utstrekt dialog mellom SN, Fiskeridirektoratet og departementet for å sjå på kva behov som føreligg for å gjennomføre eventuelle justeringar i forskrift, rettleiar og praksis. Målet med arbeidet har vore å gjere kvardagen enklare for næringsaktørane, samtidig som kontrollbehov vert ivareteke.
Det er oppnådd semje på dei fleste område, men det står igjen nokre få spørsmål der ein ikkje er heilt i mål.
Behova for fleire kontrollpunkt lenger ut i verdikjeda har resultert i auka krav til journalføring av produksjonsprosessen.
Forvaltninga har foreslått ei forenkling av krava til vegepunkt ved nokre produksjonsformer, slik at det samsvarar med etablerte vegepunkt i denne typen produksjon.
Tiltak som er innført for å sikre ei god implementering av landingsforskrifta
Korleis journalføringsplikta ivaretakast på ein akseptabel måte vil variere alt etter storleiken på fiskemottaket. I prosessen med å implementere landingsforskrifta har Fiskeridirektoratet kome næringa i møte på ei rekkje område, og følgjande justeringar er allereie akseptert:

·I samanheng med pelagiske landingar til konsum stiller forskrifta krav om at utkast umiddelbart skal sorterast og vegast etter sortering. Her har direktoratet i samråd med Sjømat Norge akseptert ei prøveordning kor artsfordelinga av utkastet kan baserast på prøvetaking.

·Det er innført ei dispensasjonsordning for «mindre mottak» der det blir akseptert at setel ikkje blir skriven under samtidig i tilfelle kor fangsten blir landa utanom ordinær arbeidstid.

·Fiskeridirektoratet har gjort tilpassingar for dei minste mottaka, restaurantar, detaljistar og andre mottakarar som kjøper inntil 200 kg fisk per veke der det kunne gjevast eit generelt, men tidsavgrensa fritak frå plikta til å føre journal.

·For mottaksanlegg som tek i mot fisk for inntil 2 millionar kroner i året, kan det aksepterast ein forenkla journal ved bruk av rekneark etter mal frå Fiskeridirektoratet.

·Kravet er at den einskilde fangsten skal haldast åtskilt til setel er skrive/underskrive. Her har direktoratet i samråd med Sjømat Norge akseptert fleire tilpassingar for å leggje til rette for ei meir effektiv drift av mottaket:
oDet er akseptert at fangsten løpande kan setjast i produksjon, så lenge den einskilde fangsten blir halden åtskilt under produksjon.
oDet er akseptert at det blir nytta såkalla "slumpkar" i samanheng med det ein kaller "grading". Det vil seie at for å unngå halvtomme kar kan kara (omtrent 600 kg) fyllast opp med fisk frå fleire farty. Føresetnaden er at kara vert merka kontinuerleg med opplysningar om kva farty og fordeling fangst frå det enkelte farty.
oHovudregelen er at heile fangsten skal førast på same setel. Unnataket gjeld fangstar teke i ulike økonomiske sonar. Her har direktoratet i samråd med Sjømat Norge akseptert å innføre ei ordning der setelen blir splitta slik at delar av fangsten av kvalitetsmessige omsyn (fersk fisk) kan førast bort frå mottaket før heile fangsten er vegen inn. Dette er ei tilpassing til kravet om å skilje.

·Journalkravet inneber krav om registrering av riktig kvantum på ein del punkt (mottak, produksjon, lager og uttransport). Dersom kvantumet endrar seg i løpet av denne prosessen vil fisken/produktet måtte vegast på nytt. På dei aller fleste punkta har mottaka eit eige behov for å vege fisk/produkt for å ha oversikt. Her er det akseptert at fleire punkt som i utgangspunktet skulle vore vegd kan estimerast ved registrering i journalen. Dette gjeld ved produksjon av saltfisk og tørrfisk. I tillegg er det akseptert at ved registrering av avskjer frå produksjon så kan dette baserast på ei berekning av kvantum inn og produkt ut. Resten vil då vere avskjer.

Tiltak som Fiskeridirektoratet har iverksatt for å setje næringa i best mogeleg posisjon til å gjennomføre tiltaka:

-Det er utarbeida rettleiingar om sentrale krav i landingsforskrifta. Desse rettleiarane er utarbeidde saman med næringa og distribuert til næringa.
-Fiskeridirektoratet har delteke på ulike samlingar i regi av næringa for å informere om krava
-Fiskeridirektoratet sine regionar har gjennomført besøk og møter med dei fleste mottaka for å rettleie om krava.
-Direktoratet har lagt opp til ei trinnvis tilnærming til handheving av nye krav.
-Det er utarbeida sjekklister som mottaka kan nytte for å vurdere om journalkravet er oppfylt.

I tillegg har det vore ei rekkje møter med næringa kor næringa har fått kome til orde.

Spørsmål om konkret journalføring
Til det konkrete spørsmålet om kor mange journalføringspunkt forskrifta krev:

Journalkravet er tenkt som eit kontrollverkty i tilfelle der det blir teke imot vesentleg større kvantum og verdiar enn det eksempelet som det vert vist til i grunngjevinga for spørsmålet, og der utfordringa med å ha oversikt over aktiviteten på eit mottak altså er større.

Journalen består av tre delar:
a)Mottaksjournal
b)Produksjonsjournal
c)Lager- og uttransportjournal

For det fyrste er det eit krav i landingsforskrifta at den einskilde fangsten blir sortert og vegen (godkjent og eigna vekt) direkte ved landing. Deretter skal setel fyllast ut og signerast av både den som landar og den som mottek. Det blir i det vidare lagt til grunn at fangsten både for farty A og B blir omsett og registrert på ein sluttsetel i rund tilstand (slik den blir landa).
Farty A: Sluttsetel, 3 torsk a. 5 kg = 15 kg, 2 lyr a. 4 kg = 8 kg (vegepunkt)
Farty B: Sluttsetel, 10 torsk a. 5 kg = 50 kg, 5 sei a. 3 kg = 15 kg (vegepunkt)
Nedanfor blir det forklart kva som skal registrerast i dei einskilde delane av journalen opp mot det aktuelle eksempelet. I vedlagte rekneark er eksempelet teke inn. Dette reknearket kan nyttast av mindre mottak som har fått dispensasjon til å føre ein forenkla journal.
Vidare er ein elektronisk og integrert journal tenkt slik at data ikkje skal registrerast meir enn ein gong. Det vil seie at data blir henta elektronisk frå ein journal til ein annan journal dersom det ikkje har skjedd endring i vekt. Dette vil redusere talet på registreringar ved føring mellom dei ulike delane av journalen.
Talet på føringar i journalen vil derfor avhenge vesentleg av kor integrert og automatisert journalen er i mottakar sine andre system.

Mottaksjournal

Mottaksanlegget skal i mottaksjournalen registrere all motteken fangst. Data som er registrert på setel dannar utgangspunkt for føring av mottaksjournal. Setelopplysningane samsvarer i praksis med dei krava som blir stilte til føring av mottaksjournalen.

Produksjonsjournal

Opplysningar i mottaksjournal blir overførde elektronisk til produksjonsjournal som opplysningar om råstoff sett i produksjon. I produksjonsjournalen blir også produkta registrerte som er blitt produsert (vegepunkt). Normalt blir fisk førd direkte vidare til filétproduksjon, men i eksempelet vert produkta sett på kjølelager. Dermed blir dei førd som sløgde/hovudkappa produkt i lagerjournal. Dette blir gjort ved at lagertala blir henta elektronisk frå produksjonsjournalen.

Lager- og uttransportjournal

I lagerjournalen blir alle varer registrert som vert sett inn på lager. Dette er opplysningar som blir henta frå produksjonsjournal som inneheld data om ferdig produserte varer. Vidare blir alt uttak av varer registrert i lagerjournalen. Desse opplysningane samsvarer med uttransportering.
Kravet i landingsforskrifta er at kvar del av journalen skal førast straks. Dette har direktoratet gjennom rettleiingar definert som at journalføringa skal vere fullførd seinast kl. 23:59 kvar dag.
Omverda blir meir og meir oppteke av at sjømaten vi sel til so mange land er fiska på ein god måte. Det er heilt avgjerande at vi har eit system som registrerar kor mykje fisk som kjem i land og kva som skjer med fisken. Det er ein form for dokumentasjon vi må ha.
Eg meiner at styresmaktene har lagt ned mykje arbeid i å gjere dette på ein god måte i dialog med næringa.