Skriftlig spørsmål fra Magne Rommetveit (A) til finansministeren

Dokument nr. 15:1254 (2015-2016)
Innlevert: 08.06.2016
Sendt: 09.06.2016
Besvart: 16.06.2016 av finansminister Siv Jensen

Magne Rommetveit (A)

Spørsmål

Magne Rommetveit (A): Finansdepartementet har gitt Skattedirektoratet i oppdrag å utgreia forslag til ny kontorstruktur i skatteetaten. Det har resultert i at det no føreligg forslag om å leggja ned skattekontoret på Stord og flytta dei 12 arbeidsplassane til Haugesund.
Kan finansministeren godta ei slik nedleggjing, med tap av 12 statlege arbeidsplassar i ein kommune som ved utgangen av mai hadde 6,1 % brutto arbeidsløyse, og der sysselsetjingsutsiktene for komande år er svært usikre?

Begrunnelse

Ved utgangen av mai 2016 var arbeidsløysa for landet på 2,9%. I Hordaland 3,2%,i Sunnhordland 3,9%, medan det i Stord kommune var 6,1% brutto arbeidsløyse.
Gjennom revidert nasjonalbudsjett ligg det an til at Stord kommune, pga. høg arbeidsløyse vil kunna få 13 mill. kroner i tiltaksmidlar. Dette vil nok slå positivt ut sysselsetjingsmessig utover hausten, og det kjem nok vel med til naudsynt oppussing av skulebygg o.l.
Likevel er dette eingongstilskot, og varselet om at kommunen no kan mista 12 varige statlege arbeidsplassar innan eit viktig samfunnsområde, vil verka svært negativt på sikt.
I Skattedirektoratet si tilråding står det å lesa at etaten, for å sikra god regional fordeling, føreslår i oppretthalda 11 kontor med færre enn 20 tilsette. Vidare står å lesa at identitetskontroll er den einaste tenesta som føreset fysisk oppmøte på eit skattekontor.
Stord er ein utprega industrikommune, der leverandørindustrien til olje- og gassnæringa er den mest framtredande.
I periodar har kommunen hatt 3.600 gjestearbeidarar. mange av dei frå andre land. I tillegg har Stord og regionen fleire asylmottak.
Det er å håpa at Finansdepartementet nå, i samråd med kommunal- og moderniseringsdepartementet, i si vurdering av saka konkluderer med at skattekontoret på Stord vert oppretthalde. Digitalisering og forenkling må også kunna gå den vegen at oppgåver kan overførast til mindre stader.

Siv Jensen (FrP)

Svar

Siv Jensen: Regjeringa har ansvar for at statsforvaltninga er organisert på ein måte som sikrar effektiv og god oppgåveløysing. Mitt utgangspunkt er at ein ny kontorstruktur for Skatteetaten skal gje meir effektiv ressursbruk og samtidig betre kvaliteten i oppgåveløysinga, mellom anna gjennom meir spesialisering, meir robuste og kompetente fagmiljø og auka rettstryggleik. Ein ny kontorstruktur skal òg vareta omsyn som nærleik til næringslivet, behov for å oppretthalde og rekruttere sterke fagmiljø over tid og ein god regional fordeling av arbeidsplassane.
Finansdepartementet har no Skattedirektoratet sitt framlegg om ny kontorstruktur i Skatteetaten til behandling og vil, saman med Kommunal- og moderniseringsdepartementet, vurdere framleggjet. Departementa har enno ikkje konkludert i saka. Det er difor for tidleg å seie noko om dei konkrete vurderingane av Skattedirektoratet sitt framlegg.