Skriftlig spørsmål fra Ingunn Gjerstad (SV) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:105 (2015-2016)
Innlevert: 23.10.2015
Sendt: 26.10.2015
Besvart: 02.11.2015 av utenriksminister Børge Brende

Ingunn Gjerstad (SV)

Spørsmål

Ingunn Gjerstad (SV): Korleis vurderer utanriksministeren utsiktene til eit nytt presidentval i dei sjølvstyrte kurdiske områdene i Irak, og kva er Norges haldning i den politiske situasjonen som no har oppstått?

Begrunnelse

24.-26. august 2015 vitja utanriksministeren dei sjølvstyrte kurdiske områda i Irak, og møtte president Barzani til eit offisielt møte. Barzanis forlenga periode som president gjekk ut den 20.august 2015. Etter to periodar sidan 2005 fekk Barzani i 2013 forlenga sin presidentperiode med to år. Han har ikke vist vilje til å tre tilbake og skrive ut nyvalg ved presidentperiodens slutt. Opposisjonsparti sine parlamentsmedlemer har meldt at dei opplever seg truga av sikkerhetsmyndighetene under presidentens kontroll. Dei oppgir å ha blitt hindra å møte i parlamentet og er bedne om å forlate Erbil. Dette påverkar den demokratiske prosessen i det kurdiske parlament og regjering og øvrige institusjoner og har vakt misnøye og frykt blant folk i Kurdistan, og blant kurdarar i eksil.
Opposisjonen opplever at den norske utanriksministeren ved sitt besøk legitimerer Barzanis fortsatte presidentskap. Presidentkontoret brukar omtale av besøket til støtte for forlengelse av presidentperioden. Kritiske røyster og opposisjonen tek til orde om at Norge på den måten svikter den demokratiske prosessen i dei sjølvstyrte kurdiske områda.

Børge Brende (H)

Svar

Børge Brende: Utanriksdepartementet deler den uroa representanten Gjerstad gjev uttrykk for med omsyn til den konstitusjonelle krisa i dei sjølvstyrte kurdiske områda i Irak. Det er ei uro som gjer seg gjeldande i store delar av det internasjonale samfunnet. For at dei politiske tilhøva i Irak skal bli betre og meir stabile og kampen mot ISIL skal lukkast, er det naudsynt at dei konstitusjonelle spelereglane vert fylgde i alle delar av landet. På mange vis har det kurdiske sjølvstyreområdet vorte eit døme på eit etter måten godt politisk system i Irak, men den krisa vi har sett i haust har rokka ved dette biletet.
Fleire internasjonale aktørar har freista å mekle i den kurdiske krisa. Dette er noko vi gjev full støtte til, og som vi håpar vil lukkast. Dei siste meldingane tyder på at alle folkevalde politikarar no får kome til Erbil og får sleppe inn i parlamentet, men dette er sjølvsagt ikkje tilstrekkeleg. Det er ikkje Noreg si oppgåve å avgjere kva slags løysing kurdarane skal finne, men eg vil endå ein gong framheve at det hastar med å kome fram til eit resultat som alle partar kan vere nøgde med.
Saman med forsvarsministeren vitja eg Erbil 24. august. Allereie då uttrykte vi kor naudsynt det var at krisa vert løyst. Vi hadde møte med både president Masoud Barzani, statsminister Nechirvan Barzani og den dåverande ministeren for Peshmergaen, dei kurdiske militære styrkane og Mustafa Sayyid Qadir frå Gorran-partiet. Gorran-partiet er av dei som har retta sterkast kritikk mot president Barzani og det regjerande KDP-partiet under krisa. Qadir sa, i eit intervju etter møtet, at han meinte det var naudsynt og viktig at representantar for deltakarland i koalisjonen som kjempar mot ISIL, møter dei kurdiske styresmaktene, jamvel om dei er i ei konstitusjonell krise. Det møtet vi hadde, var med andre ord eit møte som òg opposisjonen tok del i og støtta.
Etter vitjinga har representantar frå Gorran-partiet ved to høve hatt møte på embetsnivå med Utanriksdepartementet og lagt fram synspunkta sine. Vi lyttar til og snakkar med alle dei involverte partane som ein del av arbeidet for å fylgje utviklinga i dei kurdiske områda.