Kjersti Toppe (Sp): Kan statsråden gjere greie for korleis ny turnusordning for legar fungerer, korleis fungerer ordninga for lokalsjukehus og rekrutteringssvake kommunar, korleis fungerer søknadsprosessen, er det ventelister for å få turnusplass og kor mange søkarar må eventuelt vente på plass og kor lenge?
Begrunnelse
Viser til at Regjeringa i St. Meld 1 ( 2015-2016) , statsbudsjettet for Helse- og omsorgsdepartementet, skriv at det blir tilsett omlag 475 legar i turnusstillingar kvar halvår. For fysioterapeutane står det at alle som søker , får plass, men det er uklart om dette også gjeld for legar.