Kjersti Toppe (Sp): Vil statsråden sikre at fødestover ved Kvinneklinikken, Haukeland Sjukehus, ikkje vert helgestengt, kan statsråden gjere greie for korleis kvalitetskrava til fødeklinikk blir ivaretatt ved KK og om bemanninga er tilstrekkelig til å ivareta forsvarleg overvaking og behandling og sikre at jordmor er til stades i aktiv fase i fødselen, og vil statsråden endre finansiering av fødetilbodet ved kvinneklinikkar og fødeavdelingar i retning rammefinansiering?
Begrunnelse
I Bergens Tidende 21.september åtvarar jordmødrer mot å føde på KK i helgane. Dei meiner at stenging av fødestover i helgane gjer det meir risikofylt for kvinner som kjem inn for å føde. Leiar i Den norske jordmorforening i Hordaland uttaler at kvinnene får ikkje god nok oppfølging i helgene. Sjukefråveret blir ikkje dekka opp i helgene. KK ligg i følgje BT an til eit underskot på 9,6 million, som skuldast blant anna at KK har hatt færre kompliserte fødslar. Komplikasjonar ved fødslar utløyser ekstra økonomiske midlar. I dei nasjonale faglege krave til fødetilbodet som Helsedirektoratet kom med i 2010, er det anbefalt for fødeklinikkar at ein skal sikre ei jordmor til stades i aktiv fase av fødselen.